Helsingør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 56°1′54.383″N 12°35′22.722″E

Parti frå Helsingør.
Kronborg slott vakta over innløpet til Austersjøen, og var viktig for å handheve innkrevjinga av Øresundtollen.
Ei fyrlykt. Kronborg Fyr, er montert i det nordaustlege tårnet på Kronborg slott.
Domkyrkja i Helsingør, Sankt Olai kyrkje frå 1559 med aner attende til ei lita landsbykyrkje i romansk stil bygd på 1200-talet, er namngjeve etter den norske helgenen Sankt Olav.

Helsingør er ein by i Helsingør kommune i det austlege Nord-Sjælland i Danmark, på den staden der Øresund er på det smalaste. Byen har eit folketal på 46 368 (2012).[1] Helsingør kommune med Helsingør by som administrasjonssenter høyrer inn under Region Hovedstaden.

Bysoga[endre | endre wikiteksten]

Byen er omtalt i skriftlege kjelder fyrste gong i 1231 som ein liten kjøpstad ved Flynderborg. Erik av Pommern (ca. 1382–1459) gav byen utvida kjøpstadsrettar i 1426 og flytta samstundes byen til området kring Sankt Olai kyrkje, domkyrkja i Helsingør. Kyrkja har namn etter den norske helgenkongen Sankt Olav, som i si tid var ein viktig helgen i heile Norden. Om lag på denne tida vart Øresundtollen innført, ei avgift som vart lagt på alle skip som skulle inn i Øresund. Sjølv om tollinntektene gjekk til kongen, fekk tollen òg ei avgjerande rolle for inntektene til byen av di skipa som måtte legge til i Helsingør for å få betalt tollen, såg føremonar i å kjøpe proviant og anna i byen samstundes. Slottet og borga Krogen, forgjengaren til det slottet og borgen Kronborg som ligg dominerande til i Helsingør i dag, vart bygd for å kunne handheve innkrevjinga av Øresundtollen. Krogen vart sterkt ombygd på 1500-talet, og fekk etter dette det noverande namnet Kronborg.

Øresundstollen vart oppheva i 1857, og då Helsingør tapte handel av di skipa gjennom sundet ikkje trengte å gå inn til byen for å gjere opp for seg, oppstod det ei djup økonomisk krise for byen. Men frå 1882 tok ein ny oppgang for Helsingør til ved at Helsingør Skibsværft og Maskinbyggeri A/S vart sett i gang som startskottet til den moderne tidas industrialisering av byen.

Historiske bygningar[endre | endre wikiteksten]

Den engelske diktaren William Shakespeare (1564-1616) har lagt handlinga i det kan hende mest berømte av alle teaterstykka sine, Hamlet, til Kronborg slott (på engelsk vert Helsingør kalla «Elsinore»). Men ikkje berre Kronborg slott er av historisk verde i Helsingør. Av di byen har sloppe unna dei store bybrannane, er bygningane i storparten av sentrum frå 1500-1800 talet.

Især to store kyrkjebygningar dominerer Helsingør. Den eine er domkyrkja, Sankt Olai Kirke, som er den eldste bygningen i byen ved å vere frå 1559, men med dei eldste delane frå 1200-talet. Kyrkja er utsmykka innvendig med mellom anna sjåverdige kalkmåleri, og ein prektig preikestol. Den andre er eit karmelitarklosteret Sankt Mariæ Kirke og Vor Frue Kloster, som i dag er det klosteret i heile Norden som er best teke vare på. Især er dei nyrestaurerte kalkmåleria og orgelet i kyrkja verd å sjå. Orgelet har i hovudsak same utsjånaden som då den namngjetne komponisten og organisten Dietrich Buxtehude spela på det i 1660-åra.

Ferjesambandet over Øresund[endre | endre wikiteksten]

Det er kort veg over Øresund mellom Helsingør og grannebyen Helsingborg i Skåne i Sverige, og i 1892 vart det opna regulært ferjesamband mellom dei to byane. Då jarnbanelinja Kystbanen mellom Helsingør og København vart opna i 1897, vart Helsingør òg eit av dei viktigaste trafikknutepunkta i Norden, då mykje av veg- og jarnbanetransporten mellom den skandinaviske halvøya og Danmark/det europeiske fastlandet med tida kom til å gå over ferjesambandet Helsingør-Helsingborg, der det òg gjekk ferjer som tok jarnbanetog. Sjølv etter at veg- og jarnbanebrua Øresundbrua mellom Sverige og Danmark sør i Øresund vart bygd, er det livleg ferjetrafikk mellom Helsingør og Helsingborg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]