Helsingfors Tunnelbana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Helsingfors Tunnelbana
Rautatientorin metroasemalla (Järnvägstorget metrostasjon).

Helsingfors Tunnelbana i Helsingfors, finsk: Helsingin metro, er det einaste tunnelbanesystemet i Finland. Det er den nordlegaste tunnelbanen i verda. Banenettet er ei line i aust-vestleg retning, som forgreinar seg ein gong, i den austlege delen. Det er 16 stasjonar, 8 over og 8 under jorda. Toga går enten mellom Gräsviken (fi. Ruoholahti) og Mellungsbacka (Mellunmäki) eller mellom Nordsjö (Vuosaari) og Gräsviken, sporet forgreiner seg ved Östra Centrum (Itäkeskus).

Metroen vart opna i 1982, som eitt spor frå Östra Centrum til Hagnäs (Hakaniemi). Året etter opna dei Järnvägstorget (Rautatientori) og Kampen (Kamppi) også. I 1988 vart sporet forlenga til Mellungsbacka, og til Gräsviken og Nordsjö på 90-talet.

Tunnelbanen blir drive av Helsingfors stads trafikverk (HKL, Helsingin kaupungin liikennelaitos).

Eit av togsetta går over ei bru.
Interiør i dei nyaste toga (200-serien)

Teknologi[endre | endre wikiteksten]

Det er to ulike modellar av togsetta i drift. 100-serien vart bygd av Strömberg seint på 1970- og tidleg på 1980-talet, og den nye 200-serien vart bygd av Bombardier og har vore i bruk sidan 2002. Dette gjer Helsingfors-metroen til eit moderne metrosystem.

Planlagde utvidingar[endre | endre wikiteksten]

Det har i fleire år versert planar om forlenging vestover, til Esbo, som Västra metron, Länsimetro. Forlenginga skulle vere eit samarbeidsprosjekt mellom staten og dei to involverte byane, men Esbo har så langt vore mot ei forlenging. Det er også planar om å knyte Böle (Pasila) nord for sentrum til metroen, via Tölö (Töölö).

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Linjekart

Metroen består av ei Y-delt linje med 30 stasjonar over 43 kilometer.

Teiknforklaring
Västmetron (under anlegg, klar januar 2017)
vendespor
0,0 Gräsviken (Ruoholahti)
vendespor
1,2 Kampen (Kamppi)
1,7 Järnvägstorget (Rautatientori)
2,3 Kajsaniemi (Kaisaniemi)
Siltavuorentsalmi
3,2 Hagnäs (Hakaniemi)
4,1 Sörnäs (Sörnäinen)
5,2 Fiskhamnen (Kalasatama) Mal:Europavei
Brändö bro Kuorekarinsalmi
7,0 Brändö (Kulosaari)
Naurissalmi
8,5 Hertonäs (Herttoniemi)
Til jernbanenettet
9,9 Igelkottsvägen (Siilitie)
Metrodepoet (Metrovarikko)
11,9 Östra centrum (Itäkeskus)
13,0 Botby gård (Puotila)
13,8 Kvarnbäcken (Myllypuro)
Mal:Vei-SF
Nordsjö bro Vartiokylänlahti
14,9 Rastböle (Rastila)
15,2 Gårdsbacka (Kontula)
16,2 Nordsjö (Vuosaari)
16,9 Mellungsbacka (Mellunmäki)
vendespor

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Helsingfors Tunnelbana