Helt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sir Galahad, detalj frå eit måleri av George Frederic Watts

Helt er et omgrep som skildrar ein beundringsverdig person som har utført ein stordåd og som av den grunn har vunne stor heider og ære, eller som i fare og motgang, frå ein svakare posisjon, viser mot og vilje til sjølvoppofring, det vil seie heltemot, for eit større gode. Den kvinnelege motsvaret er ei heltinne.

I gresk mytologi vert heltane kalla heroer (ἥρωι = halvgud), noko som på mange språk har gitt ordet helt, også på norsk; heroisk (heltemot). De greske heroane hadde ofte guddommeleg hjelp, noko som også er vanleg blant heltar i andre mytologiar. Dei er spesielt tilgodesette av gudane, men er ikkje udødelege.

Soger om heltar kan tene som moralske døme, som ein etisk kode i ein kultur , særleg for dei unge. I klassisk oldtid spelte heltekultar, ærefrykta for guddommelege heltar som Herakles, Persevs, eller Akilles, ei viktig rolle i gresk religion. Seinare romerske keisarar nytta heltetilbeding for deira eigen apotheose (forherlegdom).

Heltekultar[endre | endre wikiteksten]

Heltekultar kunne ha ei viktig politisk rolle. Da Kleistenes delte athenarane i nye «demoi» for røystegjevnad konsulterte han Delfi om kva for heroar han skulle namngje kvar divisjon etter.

Heroar i mytane hadde ofte tette, men konfliktfylte forhold til gudane. Herakles sitt namn tyder «Heras ære» til tross for at han vart plaga av Hera heile livet. Dette gjaldt enda meir i kultane. Kanskje det mest påfallande eksempelet er den athenianske kongen Erechtheus som Poseidon drap da han valde Athene framfor seg sjølv som byens gud for vern. Da athenarane dyrka Erechtheus på Akropolis (Athen) påkalla dei han som Poseidon Erechtheus.

I det hellenistiske greske Austen vart dynastiske herskarar frå Ptolemeerdynastiet eller Selevkidriket proklamert som heroar. Denne praksisen hadde ein innverknad seinare da romarane forherliga sine keisarar som tilsvarande heroar.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]