Helvete i Espedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jettegryter i Helvete

Helvete er namnet på eit gjel ved sørenden av Espedalsvatnet i Gausdal kommune i Innlandet. Her ligg den største samlinga av jettegryter i Noreg, og den største slike geologiske forma i Europa: Det andre jettegrytekammeret er heile 100 meter djupt og har ein diameter på 40 meter.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Helvete kjem av at gjelet var vanskeleg å passera med hest og slede på den tida det var gruvedrift i Espedalen.

Eit alternativ til Helvetenamnet, som har opphav i folkehistoria, er sitert i Årbok for Gudbrandsdalen, der referer M. Høgåsen til ein ikkje namngjeven prest i Skåbu som fekk høyre om Helvete. Han fekk med seg nokre handfaste karar frå Svatsum, rusta seg ut med lange reip og så let han dei heise seg nedi. Han kom oppatt med nokre grønnmorkne bein i klypa, og så let han falle nokre ord som gausdølane tykte ikkje høvde riktig for ein prest: «No er eg visst den einaste presten i Noregs land som kan seie han har vore i Helvete, og som har sloppe heil-skinna ut att.»