Hemimetaboli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hemimetaboli eller ufullstendig forvandling er ein av dei tre ulike livssyklusane ein finn hjå insekt. Dyr med denne forma for utvikling vert kalla hemimetabole.

Eit hemimetabolsk insekt har tre livsstadium; egg, nymfe og imago eller vaksent insekt. Nymfestadiet skil seg frå det vaksne ved at individet då mellom anna manglar kjønnsorgan og vengjer.

Døme på hemimetabole insekt omfattar m.a. nebbmunnar, øyenstikkarar, døgnfluger, saksedyr, kakerlakkar, rettvengjer, termittar og steinfluger.

Hemimetaboli står i motsetnad til holometaboli og ametaboli.