Hemmo Silvennoinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hemmo Silvennoinen


Statsborgarskap Finland
Fødd 6. november 1932
Kesälahti
Død

4. desember 2002 (70 år)
Vanda

Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1956

Hemmo Valio Silvennoinen (6. november 19324. desember 2002) var ein finsk skihoppar frå Kesälahti. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 1954/55.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sesongen 1954/55 debuterte Silvennoinen i den tysk-austerrikske hoppveka og sigra med 878,0 poeng, 2,8 poeng framom landsmannen Eino Kirjonen. Han vann ikkje noko enkeltrenn, men kom på sigerspallen i alle fire renna.

Nyårsaftan 1955 vart Silvennoinen utestengd frå den finske hopptroppen som deltok i den tysk-austerrikske hoppveka, grunna brot på forbodet om å nyte alkohol. Etter protestar frå lagkameratane vart avgjerda omgjort, og dagen etter gjekk Silvennoinen heilt til topps i nyårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen med Kirjonen på andreplass.[1] Silvennoinen kom på tiandeplass i det spesielle hopprennet under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Same sesongen vann han hopprennet i Lahti-spelen, med to poengs margin til andremann, enno ein gong var det Kirjonen. I 1957-sesongen tok han sølvmedalje i den finske skimeisterskapen, noko han gjentok fem år seinare.

Etter fleire sesongar med svakare prestasjonar, gjorde Silvennoinen i 1961 sin beste prestasjon i Holmenkollen. Han hadde berre Nikolaj Sjamov frå Sovjetunionen framom seg på resultatlista, då alle poenga var talde opp. Hoppveka 1961/62 kom Silvennoinen på tredjeplass samanlagt, utan å kome på pallen i eit einaste av dei fire renna i hoppveka. No var det landsmannen Eino Kirjonen som vart hoppvekevinnar. Under Ski-VM 1962 i Zakopane vart Silvennoinen beste finne i normalbakken med ein fjerdeplass, i storbakken vart han nummer 24.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mit Promille zum Erfolg[daud lenkje] på skijumping.de

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]