Hemn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hemn er ei handling som går ut på å skade ein person eller ein spesifikk gruppe personar som reaksjon på ein skade denne personen eller gruppa har gjort, eller blir halde for å ha gjort, på hemnaren eller den gruppa hemnaren identifiserer seg med.

I prinsippet skil hemn seg frå straff, sjølv om det i mange høve er slik at det eine går opp i det andre. Medan straff har som føremål å få skadevaldaren til å betra seg ved ikkje å gjere det same omatt, og dessutan skremme andre frå å gjere det same, er meininga med hemn å gjere skade på den opphavlege skadevaldaren på eit vis som vert rekna for gjere opp for den skaden han har gjort, og såleis etablere den opphavlege tilstanden av likevekt mellom dei to partane. Hemnen kan difor i mange høve råke andre enn sjølve skadevaldaren. Dette er til dømes vanleg i ættefeider, ettersom oppattrettinga av skaden på ætta kan krevje at ein person med høgare status enn skadevaldaren vert teke av dage for at hemnen kan verte fullbyrda fullt ut. Usemje om det hele er opp- og avgjort på rett vis kan difor gje grunnlag for stendig nye oppgjer mellom partane. Slik kan situasjonen kome heilt ut av kontroll for lange tider frametter, jamvel for generasjonar.

Hemn er eit element i mange kulturar ikring i verda, kjend frå gamal tid både frå Det gamle testamentet i Bibelen som «auga for auga og tann for tann», dei bloddryppande skildringane i dei norrøne sogene og i dei greske tragediane, og er framleis grunnleggjande for tankegang og framferd i mange samfunn, jamvel for tankegang og framferd for dei øvste styresmaktene i mange land.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]