Hemnfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kyrksæterøra og Hemnfjorden

Hemnfjorden er ein fjordarm av Trondheimsleia langs kommunegrensa mellom Hemne og Snillfjord i Sør-Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 25 km sørover til Kyrksæterøra i botn av fjorden, men medrekna sidefjorden Snillfjorden er lengda 30 km.

Fjorden har innløp mellom Ytterøya i sørvest og Hemnskjel i nordaust. Den ytst delen av fjorden er vid med ei breidd på 5-6 km, og i denne delen ligg fleire øyar, som Stamnesøya, Fugløya, Jamtøya og Tynsøya. Sør for Tynsøya strekkjer Åstfjorden seg austover til Åstsjøen. Det ligg få større busetnader i denne delen av fjorden, men før fjorden smalnar inn ligg grenda Heim på vestsida.

Ved Heim smalnar fjorden og skiftar namn til Bjørkøyfjorden, som er 1,5-2 km brei. Heilt sør i Bjørkøyfjorden ligg Tannvikvågen. Sør for Tannvikvågen vert fjorden breiare igjen og skiftar tilbake til namnet Hemnfjorden. Her deler fjorden seg òg i to. Hemnfjorden held fram sørvestover til Kyrksæteræra, medan Snillfjorden til tettstaden Krokstadøra.

I den indre delen av Hemnfjorden går Fv300 langs vestsida av fjorden, medan Fv301 går på austsida. Frå Tannvikvågen går Fv305 nordover langs eit lite stykke av fjorden, og i dei ytre delane går Fv292 på austsida.