Hemnskjela

Koordinatar: 63°29′24″N 09°07′33″E / 63.49000°N 9.12583°E / 63.49000; 9.12583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hemnskjel)
Hemnskjela
Hemnskjelbrua
Hemnskjelbrua
Geografi
Stad Trondheimsleia
Koordinatar 63°29′24″N 09°07′33″E / 63.49000°N 9.12583°E / 63.49000; 9.12583

Areal 4,6 km²

Høgaste punkt Vettan (154 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Demografi
Folketal 94 (2001)
Folketettleik 20 /km²

Hemnskjela (i daglegtale Hemnskjel) er ei øy i Hitra kommune i Trøndelag. Øya ligg like ved Sunde og dei to stadane var tidlegare knytt saman ved hjelp av ferjesambandet Sunde–Hemnskjel–Sandstad. I 1994 vart øya landfast både med fastlandet ved hjelp av Hemnskjelbrua, og med øya HitraHitratunnelen opna.

Øya er 4,6 km² stor og har vel 100 innbyggjarar. Historisk har folketalet vore mykje høgare og var ved byrjinga av 1900-talet vel 250. Det meste av øya er fjell og myr. Øya ligg i innløpet til Hemnfjorden.

Funn av lekamar frå 12 000 år tilbake viser at øya si historie går tilbake til eldre steinalder. Funn av flintlekamar viser at øya var ein del av Fosnakulturen.

For vel 1100 år sidan grov ein rik mann ned «Hemnskjelskatten» som vart gjenfunnen i 1952. Funnet er ei av dei mest verdifulle samlingane av gull- og sølvsmykke som er gjort i Noreg.[treng kjelde] Ein halsring av sølv veg 555 gram.[treng kjelde]

På øya finst òg spor frå den andre verdskrigen. Tyske okkupantar kom til øya i mai 1941 og bygde mellom anna to kystfort for å dekke Trondheimsleia, som ein del av den tyske Atlanterhavsvollen. På det meste husa øya mellom 600 og 800 tyske soldatar, samt 100 russiske krigsfangar.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.