Hemoglobin A1c

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

HbA1c eller glykosylert hemoglobin A1c er ein markør for nivået av glukose i blodet (blodsukkeret). Normalområdet for HbA1c ligg mellom om lag 4 % og 5,9 %.[1]

Glukose bind seg til ein spesifikk bindingsstad på hemoglobin i dei raude blodcellene (erytrocyttane) i ei irreversibel binding gjennom heile levetida til dei raude cellene, om lag tre månader. Mengda av glukose som er bunden til hemoglobin står i høve til konsentrasjonen av glukose i blodet, og kan målast ved laboratorieanalysar.

Personar med dårleg regulert diabetes mellitus har ofte høgare nivå av HbA1c enn det som er vanleg. Ein diabetikar med godt regulert blodsukker har eit HbA1c-nivå nær eller innanfor normalområdet (referanseområdet). Eit høgt nivå av HbA1c viser at reguleringa av sukkeret er dårleg.

Nivået av HbA1c er proporsjonalt med den gjennomsnittlege konsentrasjonen av blodsukkeret i ein periode på frå fire veker til tre månader, i praksis reknar ein dei siste seks til åtte vekene. (Somme endokrinologar meiner at hovuddelen av verdien skriv seg frå ein kortare periode; dei siste to til fire vekene før måling[2]).

Ein litt grov samanheng mellom HbA1c og gjennomsnittleg blodsukker er vist i tabellen under:

HbA1C (%)Gjsn. blodsukker (mmol/L)
54,5
66,7
78,3
810,0
911,6
1013,3
1115,0
1216,7

Endokrinologar meiner no stort sett at HbA1c-verdiar under 6,5 % kan aksepterast og tyder på god kontroll;[3] «normalen» er på om lag 4-6 %. Det kan vera noko vanskeleg å samanlikna ulike måleresultat fordi:

  • Den biologiske variasjonen frå person til person kan vera opp til 1 % (dvs. to personar med det same gjennomsnittlege blodsukkeret kan ha HbA1c-verdiar med opp til 1% skilnad).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hemoglobin A1c (HbA1c) Test: Normal, Low/High Levels, Chart, Ranges», MedicineNet (på engelsk), henta 21. juni 2021 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 7. januar 2008, henta 25. desember 2005 
  3. American College of Endocrinology: The AACE System of Intensive Diabetes Self-Management — 2002 Update

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]