Hemsedal kommune
| Hemsedal kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0618 |
| Fylke | Buskerud |
| Adm.senter | Trøym |
| Areal | 752 km² |
| Folketal | 2 221 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2004-) | Oddvar Grøthe (Sp) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.hemsedal.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Hemsedal kommune på Commons | |
Hemsedal kommune ligg i Hallingdalen nord i Buskerud fylke og grensar i søraust til Gol, i sørvest til Ål, i nordvest til Lærdal i Sogn og Fjordane og i nordaust til tre kommunar i Oppland; Nord-Aurdal, Vang og Vestre Slidre. Hemsedal fekk kommunestatus i 1897, då han vart skilt ut frå Gol.
Administrasjonssenter i Hemsedal er tettstaden Trøym. Lokalavisa er Hallingdølen, som òg kjem ut i dei fem andre kommunane i Hallingdal.
[endre] Geografi
Hemsedal kommune femner det meste av dalen Hemsedal og Grøndalen, der sistnemde er ein sidedal til Hemsedal. Over fire femdelar av kommunen ligg høgre enn 900 moh, og dette er staden i Sør-Noreg der Austlandet møter Vestlandet. Av den grunn har du brytinga mellom to ulike typar fjellformasjonar i kommunen, noko som er særleg fascinerande for fjellinteresserte. Hydnefossen, den høgste fossen i Buskerud ut frå totalt fall, ligg ved Hornset i kommunen.
Folkesetnaden ligg for det meste langsmed det største dalføret, og her ligg kommunesenteret Trøym og dei to andre bygdene Ulsåk og Tuv. På begge sidene av dalen er det fjellområde, med Høgeloft på 1920 moh. som det høgste punktet i kommunen. Heilt i aust ligg grenda Lykkja 830-900 moh. i sollia over Tisleifjorden og Storevatnet. Desse sjøane har avløp ved Tisleia til Valdres.
[endre] Næringsliv
Viktige næringar i kommunen er jordbruk med hald av husdyr, særleg av storfe og sau. Det er litt industri med nokre føretak i trevare-, møbel- og næringsmiddelindustrien, me.a. meieri. Turisme er vorte ei viktig satsing frå 1970-åra av. Det er satsa sterkt på vinterturisme med fleire alpinanlegg, mellom anna Hemsedal Skisenter. Reiselivsnæringa og varehandelen sysselset nesten ein fjerdedel av dei yrkesaktive. Av anna næringsliv kan nemnast nokre hotell, pensjonat, campingplassar og hyttegrender.
[endre] Samferdsle
Riksveg
(Gol-Lærdal) går gjennom Hemsedal og fylgjer Mørkedalen opp til fjellovergangen på 1137 moh. Private vegar går over fjellet til Vestre Slidre i aust og Ål/ Hol i vest.
[endre] Kjelder
[endre] Fotnotar
[endre] Bakgrunnsstoff
- Hemsedal kommune
- Vêrvarsel for Hemsedal - yr.no
- Kommunefakta Buskerud - SSB
- Hallingdølen - lokalavis i Hemsedal
- Hemsedal - offisiell destinasjonsside
| Kommunar i Buskerud | ||
|---|---|---|
| Drammen · Flesberg · Flå · Gol · Hemsedal · Hol · Hole · Hurum · Kongsberg · Krødsherad · Lier · Modum · Nedre Eiker · Nes · Nore og Uvdal · Ringerike · Rollag · Røyken · Sigdal · Øvre Eiker · Ål | ||