Hemsedal stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hemsedal stavkyrkje fotografert i 1874 av Torbjørn Arnesen Trageton.

Hemsedal stavkyrkje i Hemsedal i Viken er ei av dei mange stavkyrkjene her i landet som vart rivne på 1800-talet. Stavkyrkja, som ein reknar med vart bygd i første halvparten av 1200-talet, låg ved garden Kyrkjebøen i Hemsedal. Ho vart riven i 1882 etter at ei ny og meir tidsmessig kyrkje var bygd om lag ein kilometer unna, og materialane vart selde på auksjon. Vangane frå to av portalane i kyrkja vart tekne vare på og sende til Oldsaksamlingen i Oslo.

Stavkyrkja var av den typen som har høgt midtrom i både skipet og koret, til liks med til dømes Borgund stavkyrkje i Lærdal i Sogn, og med to kyrkjeklokker i ein frittståande stopul. Kyrkja har hatt ein takryttar på midtskipsmønet av same type som på Borgund stavkyrkje, og klokkene frå stopulen vart plassert her i 1675, etter at takryttaren var forsterka. Koret med apsiden vart rive i 1714 og erstatta med eit nytt kor i lafta tømmer med større grunnflate, slik det går fram av ein kontrakt frå 26. mai 1714, og samstundes vart takryttaren reparert og truleg ytterlegare forsterka. I 1816 vart kyrkja ombygd og utvida både i breidda (mot nord og sør) og lengda (vestover), slik at mellom anna alt av svalgangar, veggar og portalar vart fjerna; berre den indre reisinga, med midtskipsstavane, stod att av den opphavlege stavkyrkja.

Portalane[endre | endre wikiteksten]

Kvar av dei to portalane som vart tekne vare på, er samansett av to plankar som utgjer kvar av vangane, og ein planke som utgjer det tverrstilla overstykket, og alt er dekt av skurd. Den eine, som ikkje er komplett, har vore sørportalen i skipet, og er dekt av av ein etter måten alminneleg ornamentikk for stavkyrkjeportalar, med rankar, ormar og såkalla «drakar».

Men den andre portalen, som er 334 cm høg og 180 cm brei, med ei berre 80 cm. brei døropning, og som ein reknar med har vore vestportalen i kyrkja, merkjer seg ut blant alle norske stavkyrkjeportalar ved å ha eit «realistisk» utforma, forteljande motiv med kristne heilage personar i hovudrolla: Jomfru Maria med Jesus på fanget, og Sankt Olav. Portalen er omtalt og avbilda i Hohlers verk om norsk stavkyrkjeskulptur[1].

Motivet har vore tolka som ei skildring av dei tre vismennene eller kongane som kom for å tilbe Jesusbarnet. Men ikkje minst av di Sankt Olav har ein særs framståande plass i motivet, er det langt meir truleg at det er meint å gje ei framstilling av kong Olavs død under slaget på Stiklestad, og hans påfølgjande status som den himmelske helgenkongen Sankt Olav[2]. I røynda samsvarer portalmotivet særs godt med den framstillinga som Snorre Sturlason gjev av kongens død i soga om Olav den heilage i sogesamlinga Heimskringla.

På venstre vangen er framstilt tre ryttarar over kvarandre; dei er væpna og på veg mot høgre vangen. Desse ryttarane har vore tolka som dei tre vismennene på veg til Maria med sin nyfødde son, men må vere dei tre heidne krigarane som er på veg til slaget på Stiklestad, der dei drap kong Olav med kvart sitt hogg eller stikk. Nedst på vangen er det djevelske ved dei poengtert ved at det er synt tre djevelhovud, eller dei tre hovuda til ein og same djevelen; resten av djevelkroppen eller dei tre djevelkroppane må ein tenkje seg er under jorda. Denne djevelen kontrollerer dei tre ryttarane på ein måte som syner at heidendomen er djevelens verk.

Øvst i sjølve biletfeltet på høgre vangen er det ei scene som syner Maria med Jesus på fanget. Under desse to sit Sankt Olav som ein himmelkonge med helgenattributten sin, den lange stridsøksa. I mellomalderen vart Sankt Olav sett på som ein kristusliknade helgen, og det er dette som vert framheva ved den plasseringa han har fått rett under Maria og sonen hennar.

Under scena med Sankt Olav er det synt to ståande personar, og mellom dei ein person som ligg på magen på marka. Denne scena har vore tolka som vismennene i ferd med å hylle Jesus og Maria på ein særeigen måte, med Sankt Olav som ein slags mellommann, men er ei framstilling av den døde kong Olav mellom dei to kristne personane, far og son, som Olav hadde avtalt med på førehand skulle hente liket hans om han vart drepen i slaget. Kong Olav ligg på magen i ei stilling som er meint å markere dei tre såra han fekk av dei tre heidne og djevelske krigarane som er synt på den venstre vangen.


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hohler 1999, band 1 og 2
  2. Hoftun 2002; 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]