Henan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henan si plassering i Kina

Henan (kinesisk: 河南, pinyin: Hénán) er ein provins aust i midtdelen av Folkerepublikken Kina. Namnet Henan betyr «sør for elva», det er Huang He. Henan grensar mot provinsane Hebei i nord, Shandong i nordaust, Anhui i søraust, Hubei i sør, Shaanxi i vest, og Shanxi i nordvest. Provinsen dekker ei flatevidd på 167 000 km². Henan var lenge Kinas mest folkerike provins, folketalet er no 94,87 millionar (2010). Grunna stor innvandring har Guangdong i dag det høgste tal innbyggarar av dei kinesiske provinsane. Zhengzhou er provinshovudstad i Henan.

Henan vert sett som den kinesiske sivilisasjonen si vogge. Områda rundt Huang He i det nordlege Henan var det kulturelle kjerneområdet i Kina i halvparten av landets historie. Nitten dynasti har hatt sine hovudstader her; i Zhengzhou, i Yin ved Anyang, i Luoyang og i Kaifeng. Dette er heimtraktene til personlegdomar som Laozi, Zhuangzi, Han Feizi, Lü Buwei, Shang Yang, Li Si, Yue Fei, Du Fu og Bai Juyi. Med jursjen- og mongolinvasjonene mista Henan sin leiande posisjon. Maktsentrum i riket var då flytta nordover i landet. Innbyggarane oppfattar seg som etterkomarar av den gule keisar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landskapet i Henan er variert med elvesletter i aust og fjell i vest. Mykje av provinsen er del av den tettfolka nordkinesiske sletta, eit område kjent som Kina sitt kornkammer. Delar av Taihang Shan går inn i Henan i nordvest, og dannar den austlege randa av løssplatået. I vest dannar fjella Xionger og Funiu eit utbreidd nett av fjellkjeder og platå. Der finst ein av få gjenverande tempererte lauvskogar, som ein gong dekte heile Henan. Fjellet Song Shan, med det kjende Shaolin-klosteret, ligg langt aust i provinsen, nær hovudstaden Zhengzhou. Heilt i sør skil fjellrekka 'Dabie Shan' Hubei frå Henan. Nedslagsfeltet kring Nanyang, skilt frå den nordkinesiske sletta av desse fjella, er eit tettfolka landbruksområde med ein kultur og ei historie ulik resten av Henan, meir lik Hubei. Til skilnad frå resten av det nordlege Kina er ikkje forørkning eit problem i Henan, trass i at sandstormar er vanleg i byar nær Huang He. Sanden kjem då frå store sandbankar i og langs elva.

Huang He renn midt gjennom Henan i ei strekning på 700 km. Ho kjem frå nordvest, via Sanmenxiareservoaret. Etter ho passerer Luoyang, renn ho frå fjella og ut på eit sletteland. Overveldande mengder av silt frå løssplatået er ført utover, og heva elveleiet slik at elva ofte fløymde over, noko som i sin tur har skapt området sitt habitat. I dei seinare år har det vorte bygt dammar og dike, samstundes som tapping av vassressursane har stoppa flaumane. Huai He i det sørlege Henan er ei anna stor elv. Ho vert rekna som del av grenseskiljet mellom så vel nordleg og sørleg kinesisk klima, som kultur.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Henan har eit temperert klima som er fuktig subtropisk sør for Huang He, medan det grensar mot fuktig kontinentalt i nord. Årstidene i provinsen skil seg klart ut frå kvarandre. Grunna den austasiatiske monsunen er det heite, fuktige somrar. Vintrane er vanlegvis kjølige til kalde, samt vindfulle og tørre, tilhøve skapt av den veldige sibirske antisyklonen. Middeltemperaturane ligg rundt frysepunktet i januar, og på 27 til 28 °C i juli. Ein stor del av den årlege nedbøren kjem i sommarmånadene.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

98,8% av folket i Henan er Han-kinesarar. Provinsen har den største delen av muslimske Huifolk i det austlege Kina, om lag 1% av det samla folketalet. Desse lever i muslimske enklavar i distrikta Guancheng i Zhengzhou, Chanhe i Luoyang og Shunhe i Kaifeng. Små grupper av mongolar og mandsjuar finst spreidd i samfunn på landsbygda og i større byar. Kaifeng er kjent for dei historiske, jødiske samfunna. Etter hundreår med integrasjon er få av dei merksame på bakgrunnen sin. Jødar er heller ikkje anerkjend som etnisk minoritet av det offentlege Kina.

Saman med Jiangxi har Henan, av provinsane i Kina, det største skiljet mellom talet på menn og kvinner. Med bakgrunn i den kinesiske eittbarnspolitikken, registrerte folketeljinga år 2000 at det fanst 118,46 av hankjønn for kvar 100 av hokjønn i Henan. Som ei fylgje av funna, vart det i Henan forbode å abortere jentefoster, store bøter vert utfallet for dei som bryt lovforbodet. I tillegg får familiar med berre ei dotter, ei årleg utbetaling frå styresmaktene.[1]

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Henan er delt opp i 17 byprefektur og ein by på subprefekturnivå som vert direkte-administrert.

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrasjonssete
Henan prfc map.png
Byprefektur
1 Zhengzhou 郑州市 Zhèngzhōu Shì Zhongyuan distrikt
2 Anyang 安阳市 Ānyáng Shì Beiguan distrikt
3 Hebi 鹤壁市 Hèbì Shì Qibin distrikt
4 Jiaozuo 焦作市 Jiāozuò Shì Jiefang kistrikt
5 Kaifeng 开封市 Kāifēng Shì Gulou distrikt
6 Luohe 漯河市 Luòhé Shì Yancheng distrikt
7 Luoyang 洛阳市 Luòyáng Shì Xigong distrikt
8 Nanyang 南阳市 Nányáng Shì Wolong distrikt
9 Pingdingshan 平顶山市 Píngdǐngshān Shì Xinhua distrikt
10 Puyang 濮阳市 Púyáng Shì Hualong distrikt
11 Sanmenxia 三门峡市 Sānménxiá Shì Hubin distrikt
12 Shangqiu 商丘市 Shāngqiū Shì Liangyuan distrikt
13 Xinxiang 新乡市 Xīnxiāng Shì Weibin distrikt
14 Xinyang 信阳市 Xìnyáng Shì Shihe distrikt
15 Xuchang 许昌市 Xǔchāng Shì Weidu distrikt
16 Zhoukou 周口市 Zhōukǒu Shì Chuanhui distrikt
17 Zhumadian 驻马店市 Zhùmǎdiàn Shì Yicheng distrikt
By på subprefekturnivå
18 Jiyuan 济源市 Jǐyuán Shì Jiyuan

Dei 18 einingane på prefektur- og subprefekturnivå er delt i 159 på fylkesnivå (50 distrikt, 21 byfylke, og 88 fylke). Desse er i sin tur delt i 2 440 einingar på kommunenivå (866 bykommunar, 1 234 landkommunar, tolv etniske landkommunar, og 328 subdistrikt).

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Henan har ein halv-industrialisert økonomi med ein lite utvikla tertiærsektor. Landbruket har tradisjonelt vore ei søyle i økonomien, med landets høgste kveite- og sesamproduksjon og nest høgste risproduksjon. Henan er også ein viktig produsent av storfekjøt, bomull, mais, svinekjøt, animalske oljar og mais.

Industrien i Henan har frå gammalt vore basert på lette tekstilar og på næringsmiddelindustri. Dei seinare åra har industrigreiner som metallurgi, olje, sement, kjemisk industri, maskinbygging og elektronikk vorte viktige for provinsøkonomien. Henan har dei nest største molybdenreservane i verda. Også kol, aluminium, alkaliske metall og wolfram finst i store mengder i det vestlege Henan. Foredling og eksport av desse minerala er ei av dei viktigaste inntektskjeldene.

Henans tenestesektor er heller liten og underutvikla. Finans- og handelsverksemda er i stor grad konsentrert i storbyar som Zhengzhou og Luoyang, der økonomien er driven av ein stor og relativt velståande forbrukarbase. For å gjere økonomien meir kunnskaps- og teknologibasert etablerte regjeringa ei rekke utviklingssoner i alle dei store byane. Dette vart gjort for å fremje næringar som til dømes dreiv med programvare, informasjonsteknologi, bruk av nye materialar, bio-farmasøytisk og elektronisk industri.

Henan er eit stort reisemål for turistar, stader som Shaolintemplet og Longmengrottene trekker kvart år millionar av turistar.

Den økonomiske utviklinga i Henan har sidan 1990 auka snøggare enn landsgjennomsnittet. Veksten har ført til at Henan økonomisk er meir jambyrdig andre provinsar i det sentrale Kina, men nasjonalt er han likevel mellom dei fattigare.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologer har i det nordlege Henan funne spor etter ei rad førhistoriske kulturar. Dei er kjende som Yangshaokulturen, Longshankulturen og Erlitoukulturen. Det vert hevda at Erlitou-kulturen kan knytast til det første kinesiske dynastiet, Xia-dynastiet, omtala i tidleg kinesisk historiografi. Ein reknar som sikkert at Xia-dynastiet også rådde over dagens Nord- Henan.

Det første dynastiet som utvikla eit skriftspråk var Shang-dynastiet, som styrte frå det 16. til det 11. hundreåret før Kristus. Også det hadde Henan som kjerneområde, samt noko av dei noverande naboprovinsane Shandong og Hubei. Første hovudstaden for Shan-dynastiet antek ein var den staden som heitte 'Ao'. I dag heiter han Yanshi og er litt vest for Henans noverande hovudstad, Zhengzhou. Shangs siste hovudstad, 'Yin', låg rett ved den moderne byen Anyang, tett ved Henans nordgrense mot Hebei.

Etter Shang-dynastiet i Henan finst framom alt restar av nokre bymurar i Zhenyang, og etterkvart veldige funn av gjenstandar frå arkeologiske utgravingar, i sær ved Anyang. Her finn ein mellom anna dei tidlegaste bevarte døma på kinesisk skrift, dei såkalla orakelbeina.

Vest for Shang-dynastiet sitt kjerneområde, i dagens provins Shaanxi, voks fram eit sterkt, konkurrerande regime, som til slutt kjempa ned Shang. Det vart til Zhou-dynastiet, som med tida også fekk Henan som sitt kjerneområde.

Langt seinare vart Henan kjerneområde for endå eit dynasti, det store Song-dynastiet. Føre dette, kom området inn i ei nedgangstid på 1100-talet. Grunna invasjonar frå nord flytta dei styrande frå hovudstaden Kaifeng og sørover.

Etter at Song-dynastiet fall, gjekk det snøgt tilbake med byane i Henan. Først etter kommunistane tok makta i 1949, byrja dei på ny å ekspandere.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]