Hendrick ter Brugghen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fløytepelaren, 1621

Hendrick Jansz ter Brugghen (eller Terbrugghen) (15881. november 1629) var ein nederlandsk målar. Han var ein av dei leiande medlemene av Utrechtskulen. Brugghen måla i hovudsak religiøse bilete og sjangermåleri.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lite er kjent om hans tidlege liv. Kanskje var han fødd i Haag, men familien hans synest å ha flytta til det sterkt katolske Utrecht tidleg i 1590-åra. Her begynte han i målarlære hos Abraham Bloemaert då han var tretten år gammal. Av Bloemaert, ein historiemålar knytt til manierismen, lærte han det grunnleggjande i målarkunsten.

År 1604 reiste Brugghen til Italia. I Roma vart han særleg inspirert av Caravaggio og hans chiaroscuro. Annibale Carracci, Domenichino og Guido Reni var andre italienske målarar som han lærde av.

Han var tilbake i Utrecht i 1614 og saman med Gerard van Honthorst var han ein leiande utøvar i ein stil påverka av Caravaggio. Måleria hans har ein dramatisk bruk av lys og skugge. Brugghen fann favorittmotiva sine på kroa; øldrikkarar og musikarar i halvfigur. Men han laga også religiøse bilete i stort format og gruppeportrett, såvel som bilete med kjensleladde emne. Brugghen måla også gatescener, etter inspirasjon frå Quinten Massijs og Marinus van Reymerswaele.

Sjølv om Hendrick ter Brugghen døydde ung, fekk arbeida hans stor innverknad på andre målarar. Måten han handsama religiøse emne på, finst att i arbeid av Rembrandt. Stilelement hos Brugghen kan ein også spore i måleri av Frans Hals, Johannes Vermeer og Carel Fabritius. Peter Paul Rubens omtala Brugghen sine arbeid som «betre enn alle dei andre av Utrecht-målarar». Fløytespelaren og Matteus får kallet, begge frå 1621, er mellom dei mest kjende bileta til Hendrick ter Brugghen.

Han døydde i Utrecht i 1629.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hendrick ter Brugghen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon