Hendrik Anthony Kramers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hendrik Anthony «Hans» Kramers (fødd 2. februar 1894 i Rotterdam, død 24. april 1952 i Oegstgeest) var ein nederlandsk fysikar. Den 25. oktober 1920 gifta han seg med Anna Petersen som han fekk tre døtrer og ein son saman med.

Kramers fullførde den vidaregåande opplæringa si i Rotterdam i 1912, og studerte deretter matematikk og fysikk ved universitetet i Leiden, der han fekk ein mastergrad i 1916. Kramers ynskte å innhente røynsler frå utlandet i løpet av doktorgradsarbeidet sitt, men det første valet hans av rettleier, Max Born i Göttingen, var ikkje tilgjengeleg på grunn av første verdskrigen. Difor reiste han til København med skip og Kramers gjorde mesteparten av doktorgradsarbeidet sitt der, men han fekk den formelle doktorgraden sin i Leiden, den 8. mai 1919.

Kramers var tilsett som førsteamanuensis ved Universitetet i København fram til han forlét Danmark i 1926 og returnerte til Nederland. Han byrja som professor i teoretisk fysikk ved Universitetet i Utrecht, der han blant anna var professor for Tjalling Koopmans. Frå 1931 og fram til han døydde heldt han ei stilling ved Delft University of Technology. Kramers var ein av grunnleggjarane av Mathematisch Centrum i Amsterdam. Han vart tildelt Lorentzmedaljen i 1947.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hendrik Anthony Kramers

Kjelder[endre | endre wikiteksten]