Hendrik van Nassau-Ouwerkerk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hendrik van Nassau-Ouwerkerk

Hendrik van Nassau-Ouwerkerk (engelsk: Henry, Count of Nassau, Lord of Overkirk, fransk Henry de Nassau d'Auverquerque) (164018. oktober 1708) var ein nederlandsk general og tremenning til kong Vilhelm III av England og hans hoffstallmeister. Som lord av Ouwerkerk og Woudenberg i Nederland vart han av engelskmennene kalla «Lord Overkirk» eller «Count Overkirk».

Han var fødd i Haag som son av Louis av Nassau-Beverweerd (den uekte sonen til Maurice of Nassau, fyrste av Oranien) og kona hans Isabella van Hoorn. Han vart døypt der den 16. desember 1640. Han fekk tittelen greve av Nassau (graaf van Nassau) av keisar Leopold I i 1679, og vart med i invasjonen til Vilhelm III av England i 1688. Han vart så utpeikt til hoffstallmeister året etter. Han budde i London, mest kjend ved Overkirk House, som seinare vart ein del av 10 Downing Street.

Overkirk var ein av hetugen av Marlborough sine mest tiltrudde generalar, og førte venstreflanken i armeen til Marlborough i både Ramillies og Oudenarde. Han vart feltmarskalk av den nederlandske armeen i 1704.

Overkirk døydde den 18. oktober 1708 i Roeselare i dagens Belgia og er gravlagd i Nassau-LaLecq-krypten i Ouderkerk aan den IJssel i Nederland. Enka hans, France van Aerssen van Sommelsdijck budde i Overkirk House fram til ho døydde i 1720. Dei etter let seg åtte born

Kjelder[endre | endre wikiteksten]