Hengill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hengill
Hengill i 2004
Hengill i 2004
Høgd over havet 803 moh
Ligg i/på Island sitt flagg Island
Koordinatar 64°11′N 21°20′WKoordinatar: 64°11′N 21°20′W
Fjelltype Skjoldvulkan, vulkansprekk
Bergartar frå 3,5 millionar år
Siste utbrot 90 e.Kr. ± 100 år

Hengill er ein vulkan sørvest på Island, sør for Þingvellir. Vulkanen dekkjer eit areal på om lag 100 km².

Vulkanen er framleis aktiv, noko ein kan sjå på dei mange varmekjeldene og fumarolene, men det siste utbrotet skjedde for om lag 2000 år sidan.

Vulkanen er ei viktig energikjelde for den sørlege delen av landet, som særleg vert utnytta av Nesjavellir kraftverk. Kraftverket ligg på vestsida av innsjøen Þingvallavatn.

Området med sine fjell og varmekjelder er eit flott turområde og har mange stiar. Den litle bygda Hveragerði er óg ein del av Hengill-området og har mange varmekjelder.

Nokre gamle segner og islandske sagaer var forbunde til området. Til dømes skal ein ung bonde ha tatt livet av den sovande trollkona Jóra, medan ho låg og venta på uskuldige forbipasserande på stien over Dyrafjöll.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]