Hengyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hengyang (gul) i Hunan
Ymse fotos frå Hengyang

Hengyang (kinesisk: 衡 阳 / 衡 陽, pinyin: Héngyáng) er eit byprefektur sentralt og litt sør i provinsen Hunan i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 15 279 km² og 7 141 462 innbyggjarar i 2010. Av desse budde 936 789 menneske i storbyen. Hengyang ligg ved elva Xiang Jiang, ca 500 km sør for Changsha.

Byprefekturet Hengyang omfattar fem distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og fem fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Hengyang er ein sterkt veksande industriby og det største trafikknutepunktet i Hunan. Mellom industrigreinene i byen finst kjemisk, jordbruks- og gruveutstyrs-, tekstil-, papir- og matvare-industri. I prefekturet er det bly-, sink-, kol- og tinngruver.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Snøggtoget mellom Wuhan og Guangzhou går gjennom området. Også Jingguangbana, som er den eldre toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jernbanelinja er også innom mellom andre Shijiazhuang, Handan, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Shaoguan.

Kinas riksveg 107 går gjennom området. Han fører frå Beijing til Shenzhen og er innom provinshovudstadene Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou. Også Kinas riksveg 322 tek til i Hengyang og fører via Guilin og Nanning i den autonome region Guangxi fram til grensa mot Vietnam ved Vennskapsporten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]