Henie Onstad Kunstsenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°53′20″N 10°33′10″E

Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden
Henie Onstad Kunstsenter fotografert frå fjorden

Henie Onstad Kunstsenter er eit biletkunstmuseum på Høvikodden i Bærum kommune sørvest for Oslo, som vart opna av «kunstløpdronninga» Sonja Henie og ektemannen hennar, skipsreiar Niels Onstad i 1968. Dei gav i 1961 den private samlinga si av samtidskunst, til saman 110 målarstykke, i tillegg til pengar til bygging og drift av museet, som gåve for å få skipa Sonja Henies og Niels Onstads Stiftelser, som eig museet og samlingane. Bærum kommune gav samstundes tomta på 140 mål som museet vart bygd på. Dei to donatorane er gravlagde på området.

Henie Onstad kunstsenter er ein viktig arrangør av temporære utstillingar og framsyningar i tillegg til utstillingar av verk frå eiga samling. Museet hyser òg Sonja Henies store samling av premiar etter innsatsen hennar på skeiser.

Ei populær offentleg badestrand ligg attmed museet.

Kjernesamlinga[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg overtok museet 110 måleri. Sidan den tid har delar av denne blitt seld, mellom anna alle arbeida av Edvard Munch og ein del kjerneverk av Pierre Bonnard.[1] I dag finn ein mellom anna Pablo Picasso, Juan Gris, Jacques Villon, Pierre Bonnard, Henri Matisse, Fernand Léger, Joan Miró og Nikolas de Staël i samlinga.

I tillegg har ein bygd opp ein permanent utstilling av Kurt Schwitters i Noreg.

Tidlegare direktørar[endre | endre wikiteksten]

Opninga av Henie-Onstad Kunstsenter. Sonja Henie og Kong Olav V fremst, Kronprinsesse Sonja og Niels Onstad bak

Den første direktøren var Ole Henrik Moe som sat i stillinga i 22 år fram til 1989 og bygde opp kunstsenteret til ein moderne internasjonal institusjon. I perioden 1989 til 1996 var Per Hovdenakk direktør. Den neste direktøren, Stein Slyngstad, sat i stillinga frå 1997 til 2001. Direktør frå 2001, Jan Feldborg, gjennomførte det omstridde salet av eit av hovudverka til Bonnard før den neste direktøren tiltrådde i 2005.[2] Direktør frå slutten av 2004 fram til 2011 var Karin Hellandsjø. Tone Hansen tok over som direktør etter henne.[3]

Skulpturparken[endre | endre wikiteksten]

Rundt museumsbygget har museet plassert ut fleire skulpturar. Den mest kjente er Arnold Haukeland si statue Solskulptur frå 1970 som er det første ein møter når ein nærmar seg museet frå landsida. Framfor inngangspartiet står i dag statuen Større kropp frå 2003 av Per Inge Bjørlo. Elles er Filipstadbananen frå 1952 av Trygve Fredrksen flytta hit frå Banan-Mathisen sitt bygg på Filipstad i Oslo. Andre skulpturar er laga av Henry Moore, Kai Nielsen, Terry Haas, Eugène Dodeigne og Èmile Gilioli.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]