Henning Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henning Berg
Personleg informasjon
Fullt namn Henning Stille Berg
Fødd 1. september 1969
Fødestad Eidsvoll
Posisjon Forsvar, midtstoppar & høgreback
Ungdomsklubbar
1987 Lørenskog
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1988–1991
1992
1992–1996
1996–2000
2000–2003
2003–2004
1988–2004
Vålerenga
Lillestrøm
Blackburn Rovers
Man United
Blackburn Rovers
Rangers
Totalt
066 0(2)[1]
020 0(1)[2]
159 0(4)
066 0(2)[3]
091 0(3)
020 0(0)
422 (12)
Landslag
1992–2004 Noreg 100 0(9)
Trenar for
2005–2008
2008-2011
2012
2014-2015
FC Lyn Oslo
Lillestrøm SK
Blackburn Rovers FC
Legia Warszawa
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. februar 2007
‡ Landslagsmål oppdatert 8. februar 2007

Henning Berg (fødd 1. september 1969) er ein tidlegare norsk fotballspelar fødd på Eidsvoll. Berg spelte høgreback eller midtstoppar, og var i mange år fast på det norske landslaget. Berg fekk til saman 100 A-landskampar, og er med det spelaren med nest flest landskampar for Noreg gjennom tidene. Berre Thorbjørn Svenssen har fleire A-landskampar (104).

Spelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Berg byrja sin seniorkarriere i KFUM Oslo, og gjekk til Vålerenga i 1988. Han spelte fire sesongar for VIF, men gjekk til erkerivalen Lillestrøm i 1992. Det var som Lillestrøm-spelar at han debuterte på landslaget, i ein privatlandskamp mot Færøyane 13. mai 1992 (Resultat:2–1). Etter glimrande spel i VM-kvalifiseringskampen mot England seinare same året vart han kjøpt av Premier League-klubben Blackburn.

I 1994 spelte han alle kampane for Noreg i fotball-VM i USA. Våren 1995 vann Blackburn serien, og Berg vart med det den første nordmannen som vart seriemeister i engelsk fotball. Berg si spelardrakt og medalje er i dag utstilt på fotballmuseetUllevaal stadion. I 1997 vart han selt til Manchester United, der han vart lagkamerat med Ole Gunnar Solskjær og Ronny Johnsen. Berg spelte tre sesongar for United, og var med på å vinne to ligameisterskap. Han var òg med på å vinne Champions League i 1999, sjølv om han ikkje fekk spele i finalen. Han deltok òg i fotball-VM i 1998, der han var norsk kaptein.

I 2000 gjekk Berg tilbake til Blackburn, der han spelte tre sesongar til, før han avslutta karrieren med éin sesong i skotske Rangers. Han spelte sin 100. og siste landskamp i privatlandskampen mot Wales i mai 2004, der han spelte 20 minutt før han forlét banen til ståande applaus. Han la opp som spelar sommaren 2004.

Trenarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Lyn[endre | endre wikiteksten]

Henning Berg skreiv under ein fireårskontrakt for Lyn den 22. april 2005. Berg fekk sin debut som Lyntrenar mot StartUllevål 24. april 2005, og kampen enda 1-1. Henning Berg styrte Lyn til ein tredjeplass den sesongen.

Etter ein god start på Tippeligaen, vart det den 19. august 2008 klårt at Henning Berg skulle overta som hovudtrenar for Lillestrøm Sportsklubb frå og med 1. januar 2009.[4]. Etter mykje uro i Lyn, vart det 9. september 2008 klårt at Henning Berg ville gå av som Lyntrenar med umiddelbar verknad. Berg sin siste kamp som trenar for Lyn var mot Tromsø 31. august 2008, der sluttresultatet vart 3-3. Henning Berg fekk 122 kampar som Lyntrenar.

Lillestrøm[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om planen var at Berg skulle ta over Lillestrøm etter nyåret, tok han over som hovudtrenar alt 21. oktober 2008[5], dagen etter at Lillestrøm hadde tapt 3-1 mot erkerivalen Vålerenga[6]. Då Henning Berg starta jobben, låg Lillestrøm 3 poeng over sikker plass, med to serierundar att. I den første kampen sin som Lillestrømtrenar vann Henning Berg 4-2 mot RosenborgÅråsen, og sikra med det tippeligaspel i 2009.

27. oktober 2011 blei Berg løyst frå stillinga som trener for klubben etter ein periode med svake resultat og indre uro i klubben.[7]

Trenarstatistikk[endre | endre wikiteksten]

Lag Nasjon Frå Til Statistikk
K V T U Seiar %
Lyn  NOR 22 April 2005 9 September 2008 120 55 23 42 45.83
Lillestrøm  NOR 21 oktober 2008 27 oktober 2011 89 28 33 28 31.46

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Teigøy, Jarle. Vålerenga fotball-leksikon 1913-2008
  2. «Henning Berg». adressa.no. Henta 9. juli 2009. 
  3. «Henning Berg». redStat. Henta 9. juli 2009. 
  4. «Henning Berg ny Lillestrøm-trener». Adresseavisen. 19. august 2008. Henta 20. august 2008. 
  5. «Henning Berg tar over». Romerikes Blad. 21. oktober 2008. Henta 25. oktober 2008. 
  6. «VÅLERENGA - LILLESTRØM 3 - 1 (0 - 0)». Verdens Gang. 20. oktober 2008. Henta 25. oktober 2008. 
  7. VG.no (27. oktober 2011): Sparket Berg uenig i LSK-styrets begrunnelse, henta 27. oktober 2011