Henning Carlsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henning Carlsen
Statsborgarskap Danmark
Fødd 4. juni 1927
Aalborg
Død

30. mai 2014 (86 år)
København

Yrke filmregissør, manusforfattar, filmprodusent, filmklyppar, regissør
Språk dansk

Henning Carlsen (4. juni 192730. mai 2014) var ein dansk filmregissør og filmmanuskriptforfattar som mellom anna er kjend for filmen Sult etter Knut Hamsuns roman med same namn. Filmen er teken med i den danske Kulturkanonen, ei liste med 108 kunstverk som offisielt er rekna som dei essensielle i den danske kulturarven.

Henning Carlsen, som vart fødd i AalborgJylland i Danmark, tok til å lage kortfilmar i byrjinga av 1950-åra og fekk gjennombrotet sitt med filmen De gamle frå 1961. Samstundes som han lagde mange kortfilmar, tok han òg til å lage vanleg spelefilm, og vart internasjonalt kjend allereie med den fyrste, filmen Dilemma frå 1962. Men det var med filmen Sult frå 1966 etter romanen Sult av den norske forfattaren Knut Hamsun, og med den svenske skodespelaren Per Oscarsson (1927−2010) i hovudrolla, at han vart vidgjeten.

Etter dette har karrièren vore prega av ein produksjon av vekslande kvalitet og suksess. Carlsen har mellom anna stått for filmatiseringar av romanar av den norsk-danske forfattaren Aksel Sandemose og den danske forfattaren Jens August Schade. Filmen Mennesker mødes og sød musik opstår i hjertet frå 1967, som Henning Carlsen skreiv manuskriptet til i samarbeid med den danske forfattaren Poul Borum, vann i 1968 den danske filmprisen Bodilprisen for beste danske film. Den lågmælte filmen Man sku' være noget ved musikken frå 1972, med manuskript av Benny Andersen og Henning Carlsen, vert òg rekna som ein av dei betre som Carlsen har stått for etter suksessen med Sult.

Henning Carlsen var leiar av kinoen Dagmar Teatret i København i perioden frå 1968 til 1981.

Spelefilmar[endre | endre wikiteksten]

  • Dilemma (1962)
  • Hvad med os? (1963)
  • Kvindedyr (1965)
  • Sult (1966), med filmmusikk av Krzysztof Komeda. Filmen var eit samarbeidsprosjekt mellom Noreg, Danmark og Sverige, og eit av dei fyrste samarbeidsprosjekta på skandinavisk basis. Filmen vart teken opp i Oslo, mellom anna i det gamle stroket der Oslo Sentralstasjon ligg no. Fleire av dei bygningane og gatene som er synt i filmen, finst ikkje lenger.
  • Mennesker mødes og sød musik opstår i hjertet (1967), ein dansk/svensk produksjon med manuskript av Henning Carlsen i samarbeid med den danske forfattaren Poul Borum. Filmen vann i 1968 den danske Filmmedarbejderforeningens filmpris Bodilprisen for beste danske film.
  • Klabautermanden (1969), ein dansk/norsk/svensk produksjon etter ein roman av Aksel Sandemose. Henning Carlsen har skrive manuskriptet saman med den danske forfattaren Poul Borum.
  • Man sku' være noget ved musikken (1972), med manuskript av Henning Carlsen i samarbeid med den danske forfattaren og komponisten Benny Andersen
  • En lykkelig skilsmisse (1975)
  • Da Svante forsvandt (1975)
  • Hør, var der ikke en som lo? (1978), Henning Carlsen har òg skrive filmmanuskriptet etter ein roman av Eigil Jensen
  • Pengene eller livet (1982), med manuskript av Henning Carlsen
  • Oviri (1986), ein dansk/fransk produksjon frå 1986 om kunstmålaren Paul Gauguins liv. Manuskriptet er skrive av Christopher Hampton etter eit originalmanuskript av Henning Carlsen og den fransk filmmanuskriptforfattaren og skodespelaren Jean-Claude Carrière.
  • Pan (1995), etter Knut Hamsuns roman Pan.
  • I Wonder Who's Kissing You Now (1998), Henning Carlsen har òg skrive manuskriptet saman med den danske forfattaren Ib Lucas etter romanen hans, Silhuetter.
  • Springet (2005), Henning Carlsen har òg skrive manuskriptet saman med Arne Forchammer.

Kortfilmar/dokumentarfilmar (eit utval)[endre | endre wikiteksten]

  • De gamle (1961)
  • Familiebilleder (1964)
  • Ung (1965)
  • Er I bange? (1971)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]