Henri-Edmond Cross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett med sigarett

Henri-Edmond Cross, pseudonym for Henri Edmond Joseph Delacroix (20. mai 185616. mai 1910) var ein fransk kunstmålar som er kjend for sine måleri i den teknikken som vert kalla pointillisme, som vert klassifisert under kunstretninga neo-impresjonisme, altså ny-impresjonisme, òg kalla postimpresjonisme. Cross vart fødd i Douai, og døydde i Saint-Clair i Lavandou i departementet Var.

Henri-Edmond Cross byrja som målar av realistiske måleri i dunkle fargar, men etter å ha knytt venskap med ny-impresjonistiske målarar, mellom dei Paul Signac som han vart ven med i 1883, tok han i bruk pointillisme-teknikken i 1891, altså rett før oppfinnaren av denne målarteknikken, Georges Seurat, døydde. Cross er rekna som ein av dei viktigaste representantane for pointillismen, som han vidareutvikla, og måleria hans har inspirert og påverka Henri Matisse (1869-1954), som Cross vitja i 1904, og andre av dei målarane som fekk nemninga fauvistar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Henri-Edmond Cross