Henri-François des Herbiers-l'Étenduère

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Henri-François des Herbiers, marquis de l'Étenduère (16821750) var ein skvadronleiar i den franske marinen. Far hans var òg kaptein og han gjekk inn i marinen alt som tiåring. Her steig han forholdsvis raskt i gradene og vart løytnant i 1706, kaptein i 1727 og skvadronleiar i 1745.

Han deltok i slaget ved Vélez-Málaga i 1704 og vart teken til fange ved Gibraltar i 1705. Frå 1712 til 1716 var han på tokt i India, og i 1720- og 1730 åra i Canada. Han utmerkte seg i det andre slaget ved Kapp Finisterre i 1747 under den austerrikske arvefølgjekrigen. Han var der førar for åtte linjeskip og møtte tjueto britiske fartøy under Edward Hawke. Han mista nesten alle linjeskipa, men konvoien på 252 skip som han verna, klarte å kome seg unna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]