Henri Poincaré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henri Poincaré

Jules Henri Poincaré (29. april 185417. juli 1912) var ein av dei største matematikarar, fysikarar og vitskapsteoretikarar i Frankrike. Poincaré skildrast ofte som den siste universalisten (etter Gauss), i stand til å forstå og bidra på praktisk talt alle område av matematikken.

Som matematikar og fysikar gav han mange fundamentale bidrag til teoretisk matematikk og bruksmatematikk, matematisk fysikk og astronomi. Han formulerte Poincarés formodning, éit av dei mest kjende problema innanfor matematikken. Innanfor forskinga si på trelekamproblemet vart han den første som oppdaga eit kaotisk, deterministisk system, som seinare la grunnen for moderne kaosteori.

Poincaré introduserte prinsippet om den moderne relativiteten og var den første som presenterte Lorentztransformasjonen i den moderne symmetriske forma. Poincaré-gruppa fekk namnet sitt etter han. Poincaré oppdaga den relativistiske rørsletransformasjonen, og skreiv han ned i eit brev til Lorentz i 1905. Dermed fekk han perfekt invarians mellom Maxwell-likningane, det siste trinnet som ein trong for å kunne formulere den spesielle relativitetsteorien.

Han vart utnemnt til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for fødselsdagen til Niels Henrik Abel i 1902.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Årstal Pris
1911 Bruce-medaljen
1901 Sylvestermedaljen
1900 Royal Astronomical Societys gullmedalje

Kjelder[endre | endre wikiteksten]