Henri de Toulouse-Lautrec

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henri de Toulouse-Lautrec
Plakat frå 1892

Henri Marie Raymond de Toulouse-Lautrec, opphavleg fulle namn Henri Marie Raymond de Toulouse-Lautrec-Monfa (24. november 18649. september  1901), var ein fransk kunstmålar og litograf. Han er særleg kjend for sine mange plakatar i ei postimpresjonistisk form.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd i Albi sør i Frankrike som son til ein greve, ein eksentrisk adelsmann som etter seiande var «fødd 100 år for seint». Foreldra hans var syskenborn. Dette var ganske vanleg i adelskrinsar, for gjennom gifte med næraste slekta kunne adelen unngå å dele opp formuen.

I barneåra var Toulouse-Lautrec ofte sjuk og veldig svak, som gjorde at han heldt seg innandørs, der han måla og teikna. Han braut begge beina i barndommen, det venstre då han var 12 år og det høgre då han var 14. Beina vart dårleg lækte, så i vaksen alder hadde han unormalt korte bein. Han var 150 cm høg.

Perioden 1882-85 budde Toulouse-Lautrec i Paris, der han gjekk i lære hos målarane Leon Bonnat og Fernand Cormon. Emile Bernard var ein av medelevane og i 1886 møtte han Vincent van Gogh. Til liks med Edgar Degas søkte han mot delar av kvardagslivet, så som veddeløpsbaner, dansehallar og ulike underhaldningslokale. Han budde nær bydelen Montmartre, der dei store kabaretane viste sine show og bohemmiljøet hadde base. I dag er han aller mest kjend for plakatar til desse showa; sirkus, nattklubbar, kabaretar, ball og racerbaner. Mange av måleria hans er sanselege, men lite idealiserte inntrykk frå underhaldningslivet i Paris. Dei er gjerne måla i tynne oljefargar, men med skarpe konturar. Salong i Rue Moulins frå 1894 er eit døme på målestilen hans.

Stort inntak av alkohol gjennom fleire år førte til at helsa hans vart ringare ut gjennom 1890-åra. Han var ei tid innlagt på sjukehus og budde sidan heime, der mora stelte for han. Toulouse-Lautrec døydde 9. september 1901 i familieslottet Malrome i Gironde i det sørvestlege Frankrike, knapt 37 år gammal.

I ettertid har plakatane og kunsten hans, spesielt frå Moulin Rouge, vore sterkt etterspurd. Til og med kopiar vert i dag omsett for høge pengesummar.

Musée Toulouse-Lautrec[endre | endre wikiteksten]

I Albi, Henri de Toulouse-Lautrecs fødeby, ligg Musée Toulouse-Lautrec, som er det viktigaste museet for verka hans. Museet har tilhald i den gamle bustaden til biskopane i Albi, Palais de la Berbie.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Toulouse-Lautrec har vorte portrettert i fleire filmar:

  • Moulin Rouge (1952) av John Huston, spela av Jose Ferrer
  • Moulin Rouge! (2001), spela av John Leguizamo
  • Midnight in Paris (2011), spela av Vincent Menjou Cortes

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Henri de Toulouse-Lautrec