Henrik Ameln

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Ameln

Fødd29. april 1879
Bergen
Død17. september 1961 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarTheodor Ameln
BarnHenrik Ameln d.y.
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Alle verv

Henrik Ameln (29. april 187917. september 1961) var ein norsk dispasjør, advokat og Høgre-politikar. Han var ein framståande sjørettskunnig som arbeidde mykje med sjøforsikring, og ein talefør stortingsrepresentant.[1] Ameln var både fødd og døydde i Bergen, faren var dispasjør og assurandør.

Forsikringsmann[endre | endre wikiteksten]

Ameln tok examen artium ved Hambros skole i Bergen i 1897, og vart cand.jur. i 1902. Frå 1903 var han overrettssakførar, og arbeidde då særleg med sjøretts- og forsikringssaker. I 1904 gjekk far og son Ameln i kompaniskap og konsentrerte verksemda om sjøforsikring og erstatningsoppgjer etter forlis og havari. Henrik Ameln avla dispasjøreksamen i 1911, og arbeidde som dispasjør frå 1917. Han studerte budsjett- og reknskapsføring i Sverige, Danmark og USA 1923-24. Som overrettssakførar og dispasjør vart han kjend som ein av dei fremste sakkunnige ved fastsetjing av erstatningsbeløp, både for skipa og av sjølve fraktegodset.[1] Både under første og andre verdskrig spela han ei nøkkelrolle i oppbygginga av ei offentleg ordning med varekrigsforsikring. Ameln var også opphavsmann til krigskaskoforsikringa for skip, der skipsreiarane deltok etter prinsippet om hopehav, og både krigskaskoforsikringa og varekrigsforsikringa viste seg særleg nyttig då handelsflåten leid store tap under første verdskrigen.

Ameln var aktiv i opprettinga av 'Krigsforsikringen for norske skib' og 'Norsk Varekrigsforsikring', formann for sistnemnde 1914-31. Krigsforsikringa for norske skip vart avvikla etter første verdskrig, men i 1935 vart 'Den Norske Krigsforsikring for Skib' etablert. Ameln var då formann i Norges Rederforbund sitt assuranseutval og spela, saman med Thorolf Wikborg, ei avgjerande rolle i opprettinga av tiltaket. Han var styremedlem og viseformann i Den Norske Krigsforsikring for Skib 1935-44, trekte seg uviljes frå styret i 1944. Ameln fekk mange andre tillitsverv i skipsfartsmiljøet, mellom anna var han formann i Det Norske Veritas 1929-45 og sekretær i Bergens Rederiforening 1907-44.

Ameln var med å stifte Bergens Handelsbank, og var direktør i Den Norske Handelsbank 1920-23. Han var dessutan redaktør i Norsk Forsikringstidende og i det politiske organet Bjørgvin. Han skreiv ei mengd artiklar i aviser og tidsskrift, og var ein mykje brukt foredragshaldar om sjørett, forsikring, politikk og offentleg reknskapsvesen.[2]

Politikar[endre | endre wikiteksten]

I Bergen Høyre var Ameln styremedlem frå 1908, og formann 1920-23, 1927-28 og 1931-34.[2] Han var også medlem av sentralstyret i Høgre 1916-19 og av Høgre sitt arbeidsutval 1923-29.[2] Ameln var innvald i Bergen bystyre 1910–25 og 1934-45, det meste av tida var han medlem av formannskapet, og var dessuten ordførar 1920-22. Amelns gjekk allereie i 1911 inn for offentleg sjuketrygd i Bergen. Han leia etableringa av krinssjukekassa i byen, som primært var mynta på industriarbeidarar. Dette var eit pionérarbeid som la grunnlag for tilsvarande ordningar andre stader.[1] Han har vore omtala som «syketrygdens far» i Noreg.[1]

Ameln representerte einmannskrinsen Nygaard (Bergens 1. krets) på Stortinget 1913-15. På ny stortingsrepresentant 1922-33. Han markerte seg innan finanspolitikk, men ivra også for å effektivisere stortingsarbeidet. I si første periode, 1913-15, var han medlem i budsjettkomitéen, 1922-24 var han nestformann i finanskomiteen. Tida 1922-33, då han representerte Bergen by, var han heile tida medlem i valkomiteen. Han var 1925-30 formann i justiskomiteen og 1931-33 formann i lovkomiteen. I tillegg leia han ei rekke komitear som skulle gjere stortingsarbeidet meir rasjonelt. odelstingspresident 1926-27. Trass i at Ameln var omstridd, til dels hata, som partipolitikar, var han på same tid respektert på tvers av partigrensene som organisator.[1] Arbeidet med å sette opp eit oversiktleg og tidsmessig statsbudsjett og moderniseringa av statens rekneskapssystem vert gjerne rekna for Amelns største bragder som stortingsrepresentant.[1]

Ameln var særleg kjend for sine kvikke og ofte infame replikkar, også frå talarstolen.[1] Han mislikte Noregs Banks dåverande direktør, Nicolai Rygg, og sa ein gong at «Norges Bank har ikke noe hode, bare en rygg».[1] I ein forsvarsdebatt med statsminister Johan Ludwig Mowinckel frå Venstre sa Mowinckel først at «herr Ameln vil jeg ikke innstille til major engang», og fekk sporenstreks svar frå Ameln: «Men jeg vil innstille statsministeren til klossmajor.»[1] Ameln var jamnt i konflikt med formannen i Høgre, Carl Joachim Hambro. Før stortingsvalet 1933 var Ameln mellom pådrivarane for eit samarbeid mellom Høgre og Nasjonal Samling. Lokalt i Bergen vart det ein realitet, noko som ergra Hambro sterkt.

Utnemningar[endre | endre wikiteksten]

Ameln vart i 1932 utnemnd til kommandør av 2. klasse av St. Olavs Orden «for fortjeneste av A/S Norsk Varekrigsforsikring».[3] Han var også kommandør av den franske Æreslegionen.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 «Henrik Ameln». Norsk biografisk leksikon. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Henrik Ameln». Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste. Arkivert frå originalen 2. januar 2015. Henta 28. november 2010. 
  3. Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847–1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 132.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ameln, Henrik: Bergens Dampskibs-Assuranseforening 1879–1929 (1929).
  • Ameln, Henrik: Bergens Rederiforening i femogtyve aar 1899–1924 (1924).
  • Ameln, Henrik: Familien Ameln (1954).
  • Garvik, Olav: Henrik Ameln – mennesket bak replikkene (1992).
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Denne artikkelen bygger på «Henrik Ameln» frå Wikipedia på bokmål, den 28. november 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Henrik Ameln
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Henrik Ameln