Henrik Asheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henrik Asheim på landsmøtet til Unge Høgre i 2008
Foto: Stig Roar Aftret

Henrik Asheim (fødd 21. august 1983) er ein norsk politikar (H). Han har vakse opp på Jong i Bærum kommune i Akershus fylke. Asheim har vore leiar for Høgre sin ungdomsorganisasjon, Unge Høgre, sidan juni 2008, og er dessuten medlem av Bærum kommunestyre og Akershus fylkesting.

Asheim har tidlegare hatt verv i Bærum Unge Høgre og vore leiar for Akershus Unge Høyre, og var gruppesekretær og valkampsekretær i Akershus Høgre i 2005. Før han blei vald til leiar i Unge Høgre, var han 2. nestleiar i organisasjonen. Han har jobba som personalkonsulent i Adecco bemanning.

Asheim er ope homofil, men ønskjer heller å bli sett i samband med politikken sin enn legninga si.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Skal lede Unge Høyre» (Blikk), 15. mai 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Henrik Asheim