Henrik Aslaksen Skum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Henrik Aslaksen Skum (3. oktober 183318. august 1858) frå Kautokeino var ein av samane som Høgsterett i 1854 dømde til døden etter Kautokeino-opprøret i 1852. Han fekk seinare straffa omgjort til livsvarig fengsel.

Han var bror til Ellen Aslaksdatter Skum, som òg vart dømd til døden og fekk nåde. Ein 14 år gammal bror, Anders, deltok òg i opprøret. For Anders var påtalen åtte slag ris, men han vart frifunnen i underretten. I høgsterett vart han dømd til åtte dagars fengsel.

Henrik sona straffa på Akershus festnings slaveri. Her omkom han i sjøen under bading 18. august 1858.

[endre] Nettlenkjer

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk