Henrik Carstensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henrik Carstensen
none  Henrik Carstensen på eit måleri av Christian Olsen.Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Henrik Carstensen på eit måleri av Christian Olsen.
Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Fødd 30. oktober 1753
Risøya i Søndeled
Død 15. september 1835 (81 år)
Søndeled
Parti Sjølvstendepartiet
Yrke Kjøpmann, grosserar og jernverkseigar
Verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Østerrisør

Henrik Carstensen (30. oktober 175315. september 1835) var ein skipper, kjøpmann, trelasthandlar, skipsreiar og eidsvollsmann frå Aust-Agder.

Carstensen var fødd på Risøya i Søndeled, far hans var skipper og gardbrukar. Sjølv reiste han til sjøs i yngre år, vart skipper i 1775. Frå 1780 var han skipper på eiga skute. I 1788 tok han til med handel i Risør, dreiv både trelasthandel og eit skipsbyggeri. År 1799 kjøpte han Egelands jarnverk med alt sitt eige. Kring den tid kjøpte han mange skogseigedomar, dreiv både sagbruk og mylner, tobakksspinneri og brenneri. I krigstida frå 1807 utrusta han fleire skip som tok del i kaperkrigen.

I 1814 var Carstensen utsending frå Risør til riksforsamlingaEidsvoll. Han mangla politiske kvalifikasjonar, til å byrje med fylgde han unionspartiet, for så å gå over til sjølvstendepartiet.

Carstensen døydde ugift i Søndeled i 1853, let etter seg ein stor formue.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]