Henrik H. Langeland
Henrik Helliesen Langeland (fødd 19. november 1972) er ein norsk litteraturvitar og forfattar fødd i Oslo.
Langeland debuterte i 2000 med romanen Requiem. Romanen Wonderboy frå 2003 vekte mykje merksemd. Romanen skildrar tilhøvet mellom IKT- bransjen og forlagsbransjen kring tusenårsskiftet. Ein ambisiøs forretningsmann ynskjer å sameina det beste frå den gamle økonomien og den nye økonomien. Den nye økonomien var mellom anna rekna å vera IKT- føretak der aksjekursen såg ut til å stiga i all æve.
Langeland har sjølv vore management trainee, ei leiaropplæring, i mediekonsernet Schibsted ASA. Langeland er utdanna innan litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo. Frå 2005 av er han redaktør i det litterære tidsskriftet Vinduet. Tidsskriftet vert utgjeve av Gyldendal Norsk Forlag. Langeland bur og arbeider på Kampen i Oslo.
Verkliste [endre]
- 2000 Requiem (roman Gyldendal Norsk Forlag)
- 2001 Marcel Proust(sakprosa Gyldendal Norsk Forlag)
- 2003 Wonderboy (roman Gyldendal Norsk Forlag)
- 2006 Av sporet er du kommet (avhandling Gyldendal Norsk Forlag)
- 2007 Francis Meyers lidenskap (roman Tiden Norsk Forlag)
- 2010 Verdensmestrene
- 2011 Fortellerkunst
- 2012 Hauk og due