Henrik Krohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Henrik Krohn (10. mai 182614. juni 1879) var ein norsk forfattar og målreisingsmann. Han vart fødd i Bergen, og døydde på Stedje i Sogndal. Han voks opp på Stend i Fana, men flytta i 1866 til Sogndal, der han hadde kjøpt garden Nedre Stedje. Tidlegare, i 1860, hadde han òg kjøpt ein fyrstikkfabrikk der. Henrik Krohn var gift med Johanna Augusta Amstrup.

Målarbeid[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1865 starta Krohn utgjeving av bladet «Ferdamannen», det andre nynorske bladet i Noreg etter «Dølen». Dette bladet gjekk fram til januar 1868. Same månad var han med på skipinga av Vestmannalaget i Bergen, det første mållaget i landet, og Krohn var sjølv første formannen i laget, og hadde denne posten i fem år. Vestmannalaget gav ut tidsskriftet «Fraa By og Bygd» mellom 1870 og 1880, og Krohn var bladstyrar dei første fem åra. Vestmannalaget hadde mykje å seia for at målfolket i Kristiania i 1868 skipa Det Norske Samlaget, og også at det etter kvart vart skipa mållag andre stader i Noreg.

Kontaktar[endre | endre wikiteksten]

Mange personlegdomar som arbeidde for norsk mål, norsk kultur, og etter kvart for norsk sjølvstende, var i krinsen omkring Henrik Krohn. Her kan nemnast Kristofer Janson, Aasta Hansteen, Per Sivle (han skal ha vore drengNedre Stedje ein sommar på 1870-talet), Ivar Aasen, Bjørnstjerne Bjørnson og Aasmund Olavson Vinje. Krohn si omsetjing av Bjørnson si forteljing «Et farligt frieri» («Ej faarleg friing»), skal Bjørnson ha verdsett fullt på høgde med sitt eige verk.

Samband med Island[endre | endre wikiteksten]

Krohn ivra sterkt for sambandet mellom Island og Noreg. Han meinte at islandsk mål, dikting og kultur ville styrkja norsk mål og den åndelege framvoksteren i Noreg. Han hjelpte til så islendingar fekk vera elevar på Stend jordbruksskule, og saman med den islandske sjølvstendeforkjemparen Jón Sigurðsson skipa han Det Islandske Handelssamlag i Bergen. Vestmannalaget hadde òg medlemmer på Island.

Nokre verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1867 - Minne fraa ei Stockholmsferd
  • 1868 - Ei liti Ferd fraa Sogndal til Fjerland
  • 1869 - Svein og Gudveig
  • 1875 - Dan rette sida : lystspel i fjore aktar ; med songar
  • 1909 - Skrifter : med fyreord av Kristofer Janson ; utgjevne av Vestmannalaget

Litteratur om Krohn[endre | endre wikiteksten]