Henrik Leganger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Leganger
Fødd8. april 1788
Eigersund kommune
Død19. februar 1874 (85 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeembetsmann, politikar
Alle verv

Henrik Leganger (8. april 178819. februar 1874) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Eigersund. Rasmus Leganger var ein eldre bror.

Leganger var son av ein skipper og handelsmann i Eigersund. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1811. Dei neste tre åra var han tilsett på kontoret hos politimeisteren i Bergen. Frå 1814 var han 2. rådmann i Bergen fram til 1825, då han vart rådmann og auksjonsforvaltar i byen. Deretter var han i lang tid, 1831-63, sorenskrivar i søndre Hedmark.

I 1824 var Leganger 1. representant frå Bergen på Stortinget. Han var sekretær i justiskomiteen og medlem av komiteen om handel og næringsfridom. Grunna sjukdom var han permittert frå 13. mai.

Leganger døydde i Kristiania i 1874.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]