Henrik Mohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Mohn

Fødd15. mai 1835
Bergen
Død12. september 1916
Christiania
NasjonalitetNoreg
Yrkeastronom, skribent, meteorolog, universitetslærar, geograf
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Meteorologisk institutt
Alma materUniversitetet i Oslo
Bergen Katedralskole
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Kungliga Vetenskapsakademien
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Kungliga Vetenskaps- och Vitterhetssamhället i Göteborg
Det russiske vitskapsakademiet
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Akvarell utført av Henrik Mohn fra Hankø 1882

Henrik Mohn (fødd 16. mai 1835 i Bergen, død 12. september 1916 i Kristiania) var ein norsk vitkspsmann som er rekna som grunnleggjaren av meteorologi og fysisk oseanografi i Noreg. Han var bror til Jacob Mohn og Emanuel Mohn. MohnbuktaSpitsbergen er kalla opp etter han.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han fekk høgare utdanning ved Bergen Katedralskole med examen artium i 1852 og Det kongelege Frederiks Universitet i Christiania, der han oppnådde grada dr. philos. I 1861 vart han tilsett ved Observatoriet som assistent under Christopher Hansteen.

Hausten 1864 halde han ein foredragsserie i Den Polytekniske Forening om «Den moderne Meteorologien og Veirspaadomme». Foredraga vart trykt i Morgenbladet, og vakte så stor merksemd at dei førte til at det vart oppretta eit meteorologisk institutt ved Universitetet i Christiania. Mohn vart kalla til det første professoratet 1. desember 1866 og til å bli den første direktøren ved Meteorologisk institutt, ein post han hadde i 47 år.

Han organiserte ein systematisk meteorologisk og klimatisk utforsking av landet og fekk i gang stormvarsel og daglege vêrvarsel.

Boka Om Vind og Veir, utgjeve i 1872, vart i løpet av få år trykt på tysk, fransk, italiensk, spansk, russisk, polsk og finsk. Dette var den første framstillinga av moderne meteorologi basert på samanstilling av observasjonar i synoptiske kart.

I 1873 deltok han som offisiell norsk representant ved stiftingskongressen for Den internasjonalen meteorologiske organisasjon IMO.

Saman med matematikaren Cato Guldberg publiserte han 1880 avhandlinga «Etudes sur les mouvements de l'atmosphère», dvs «Om rørsler i atmosfæren», ein matematisk modell for syklonar (lågtrykk), der dei skildra den geostrofiske balansen mellom lufttrykk, corioliskrafta og friksjon i vindfeltet. For første gongen vart det freista å handsame meteorologiske fenomen kvantitativt ut frå mekaniske og fysiske lovar.

Stortinget gav støtte til Den norske nordhavsekspedisjonen med DS «Vøringen» 1876, 1877 og 1878, med omfattande målingar i Norskehavet. Mohn deltok sjølv på tokta. Ein annan viktig bidragsytar var G.O. Sars. Målingar og analysar vart publisert over ei årrekkje. Hovudverket fanst i 1887: «Nordhavets Dybder, Temperatur og Strømninger».

Ein artikkel Mohn skreiv i Morgenbladet 1884 om ein transpolar straum over det arktiske havet, vart inspirasjon for Fridtjof Nansen til å realisere ferda med «Fram» ti år seinare. Under Fram-ekspedisjonen fekk han Monaøyane i Karahavet kalla opp etter seg.

Henrik Mohn var ein svært allsidig mann. Saman med brørne sine var han med på å starte dei første buekorpsa i Bergen. Han bidrog òg til fleire teateroppsetningar som forfattar, skodespelar og teatermålar. På Nordhavsekspedisjonen målte han blant anna frå Jan Mayen.

Utgjevingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Om Kometbanernes innbyrdes Beliggenhed, 1860
  • Stormene i Kristiania fra 1837 til 1863, i Polyteknisk Tidsskrift,1863
  • Det Norske Meteorologiske Instituts Stormatlas, 1870
  • Om Vind og Veir. Meteorologiens Hovedresultater, 1872
  • Études sur les mouvements de l'atmosphère (saman med Cato Guldberg), 1876–80
  • Den Norske Nordhavs-Expedition 1876–1878 (saman med G. O. Sars), 29 hf. (7 bd.) , 1880–1901
  • Nordhavets Dybder, Temperatur og Strømninger, 1887
  • Klimatabeller, 1895–1906
  • Meteorologi, 1903 (sterkt revidert utgåve av Om Vind og Veir)
  • Klima-atlas for Norge, 1916

Kjelder[endre | endre wikiteksten]