Henrik Sørensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Sørensen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1882
Torsby
Død

24. februar 1962 (80 år)
Oslo

Yrke kunstmålar, lyrikar, biletkunstnar
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Born Sven Oluf Sørensen
Henrik Sørensen på Commons

Henrik Ingvar Sørensen (12. februar 188224. februar 1962) var ein norsk målar. Han var av dei leiande kunstnarane i sin generasjon, både som utøvande målar og som teoretikar/ideolog. Kulturnett.no omtalar arbeida hans som «romantisk fantasi, religiøse malerier, dystre ekspresjonistiske malerier og naturskildringer, særlig fra Telemark»

Han var far til fysikkprofessoren Sven Oluf Sørensen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Altertavla i Linköping er eit skuledannande Kristusbilete

Sørensen var fødd i Fryksände i Värmland av norske foreldre. Mora døydde då Henrik vart fødd, faren var styrar på sagbruk. Far og son flytta til Lillestrøm då Henrik var 12 år gammal. Han arbeidde på eit advokatkontor på Lillestrøm 1900-04, og var elev ved SHKS i 1904. Same året debuterte han på Høstutstillingen. Seinare utdann han seg videre i København og på Académie Colarossi i Paris. Hausten 1908 og våren 1910 studerte han og Jean Heiberg hos Henri Matisse.

Sørensen sitt bilete Svartbekken (1909) vert kalla for Noregs første ekspresjonistiske måleri. Samtidig er fleire bilete frå hans unge år karakterisert som realistiske i formen, med en noe dyster og uren fargeholdning. Andre bilete viser påverknad frå Erik Werenskiold, som han møtte ein sommar på Lillehammer.

År 1914 vart eit vendepunkt for Sørensen. Under Jubileumsutstillinga på Frogner i Oslo deltok han med heile 16 bilete. Same året måla han det første av ei lange rekke bilete av kona si; Gudrun på trappen. I åra 1914-18 oppheldt han seg ofte i Göteborg, der han fekk god kontakt med andre målarar, og sette preg på det som vert kalla Göteborgskulen i svensk målarkunst. Frå 1918 til 1927 budde Sørensen i Paris, med regelmessige sommaropphald i Noreg.

Sørensen fekk i 1921 i oppdraget å illustrere Bjørnstjerne Bjørnsons Bondefortellinger. Arbeidet omfatta ca 200 teikningar og vignettar. Illustrasjonane er skildrande realistiske, og lite prega av den naturmystikken som ein kjenner frå måleria hans. Bokverket kom ut i 1929. Utgåva er sidan opptrykt fleire gongar.

I 1927 busette Sørensen seg i Oslo og kjøpte dessutan feriehus i Holmsbu. Perioden 1927-40 var produktiv med sentrale bilete som Myllarguten (1926), Storegut dør (1932), ei rekke pasifistiske måleri som Gatekamp (1930) og Ærens mark (1931), fleire bilete av Tone Veli; og ikkje minst den kjende altertavla i Linköping domkyrkje frå 1934.

Kristusbileta hans braut sterkt med tradisjonen. Norsk kunstnerleksikon skriv at «han skildrer den milde Kristus, skjeggløs og høyreist, som med åpne armer vil favne hele menneskeheten». Kristus kjem gåande mot tilskodaren, ut frå ein mandorla. Sørensen laga også altertavler til Vinje kyrkje (1932), Notodden kyrkje (1938), Steinkjer kyrkje (1952), Hamar domkyrkje (1954), krematoriet i Ålesund (1956) og Lillestrøm kyrkje. Både i Notodden og Hamar måla han ein tilsvarande ung Kristus som i Linköping.

Hans pasifistiske grunnhaldning sette preg på bileta han måla både under første og andre verdskrig, slik som Menneskefuglene I og II (1916, 1917), Enkene (1918) og Flyktninger (1943), og førnemnd Gatekamp og Ærens mark. Fredsvisjonane hans finst også i den 56 m² store komposisjonen Drømmen om freden (1939), som dekorerer ein vegg i Folkeforbundet (nå Sameinte Nasjonane) sitt hovudsete i Genève. I 1940-åra måla han fleire variasjonar over eit eiketre i Holmsbu og biletet Den sørgende tre og den hvite vei (1944) vert tolk som eit uttrykk for okkupasjonen av Noreg. Ein periode under okkupasjonen var han fange på Grini.

Trass i at han hadde få formelle verv, var Sørensen gjennom sin veremåte og sitt engasjement ein leiande i norsk kunst. Han var ein flittig debattant og skribent, og skreiv dikt, noveller og reiseskildringar.

Sørensen laga portrett av mellom andre Pär Lagerkvist (1921 og 1948), Martin Tranmæl (1928), Ingeborg Refling Hagen (1932), Knut Liestøl (1931), Sigurd Christiansen (1936), Carl Joachim Hambro (1947), (Halvdan Koht]] (1948) og Agnes Mowinckel (1949). Han illustrerte Jørgen Moes I brønden og i tjernet (1929), Asbjørnsen og Moes eventyr (1936), Ragnhild Jølsens Brukshistorier (1938) og Aasmund O. Vinjes Storegut (1951). I 1950 deltok han i utsmykkinga av Oslo rådhus med fondveggdekorasjonen Arbeid, administrasjon og fest. Her var Ingeborg Refling Hagen modell for framstillinga av 'fridomen', symbolisert ved ei kvinne som bryt seg fri frå lenker.

Eit 'Henrik Sørensen museum', Holmsbu billedgalleri i Holmsbu, vart innvigd i 1973. Ved sidan av Sørensen sin kunst har galleriet ei fast samling med bilete av Oluf Wold-Torne og Thorvald Erichsen. Ei samling av Sørensen sine bilete finst òg på Lillestrøm videregående skole.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Sørensen, Henrik. Opptegnelser og skisser. Dreyer, 1963. 158 s.
  • Sørensen, Henrik. «Da jeg illustrerte Bjørnson». I: Vinduet, 1960
  • Norsk kunstnerleksikon. bd 4. Oslo, 1986
  • Christiansen, Sigurd. Henrik Sørensen : Til sekstiårsdagen 1942. Gyldendal, 1942
  • Egeland, Erik. «Henrik Sørensen» I: boka Norske klassikere. Tiden, 1985.
  • Fett, Harry. «Et religiøst storverk : Henrik Sørensen i Linkøpings domkirke». I: Kunst og kultur, 1935, gjenopptrykt i nr 2/3, 1995
  • Hoff, Svein Olav. Henrik Sørensen : fragmenter av et kunstnerliv. Gyldendal, 1992 - 255 s.
  • Jong, Anneleen de. La Représentation de l'Humanité, Collection des oeuvres d'art de l'Office des Nations Unies à Genève, Nations Unies, Genève, 2001.
  • Langaard, Johan H. Henrik Sørensen. Gyldendal, 1931 - 48 s.
  • Lystrup, Sigmund. «Henrik Sørensens kyrkjekunst». I: Årbok for Agder bispedømme, 1968
  • Lystrup, Sigmund. «Søren og Vinje». I: Årbok for Telemark, 1970
  • Nielsen, Finn. Henrik Sørensen. Mittet, 1950
  • Svenæus, Gösta. Epokens bild : Henrik Sörensens altarmålningar i Linköpings domkyrka. Meta bokproduktion, 1978 - 141 s. ISBN 91-85522-02-3
  • Stenersen, Rolf E. «Nogen ord om Edv. Munch, Ludvig Karsten og Henrik Sørensen». I: Vor Verden, nr 9, 1928
  • Stenseth, Bodil. Modellen. Aschehoug, 1988. - 194 s. (Om Munchs og Sørensens modell Birgit Prestøe) ISBN 82-03-15871-4
  • Sørensen, Sven Oluf. Søren : Henrik Sørensens liv og kunst. Andresen & Butenschøn forl., 2003 - 412 s. ISBN 82-7694-137-0
  • Vinje, Arne. Søren : Henrik Sørensen : et portrett. Grøndahl Dreyer, cop. 1992 - 118 s. ISBN 82-504-1949-9
  • Wollebæk, Jorun Sanstøl. og Svein Olav Hoff. «Henrik Sørensens illustrasjoner til Bjørnsons bondefortellinger». I: Kunst og kultur, nr 4, 1984

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]