Henrik Suso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henrik Suso på tresnitt frå 1400-talet.

Henrik Suso (latinisering for tysk Heinrich og etternamnet Seuse som mor hans brukte; og skrive Heinrich von Berg), fødd omkring 1295 , truleg i Konstanz, død 25. januar 1366 i Ulm, var ein tysk mystikar og dominikanarmunk.

Henrik gjekk i kloster som 13-åring, og studerte på 1320-talet ved høgskolen dominkanarane hadde i Köln. i 1348 vart han på grunn av ein påstått skandalehistorie forflytta til klosteret i Ulm, og der vart han resten av livet sitt.

Suso var blant læresveinane til meister Johannes Ekkehart, og han høyrde i lag med Ekkehart og Johannes Tauler til dei sentrale kristne mystikarane i mellomalderen. Susos Büchlein der ewigen Weisheit høyrde til dei mest lesne oppbyggingsskrifta i mellomalderen.

Suso kom fram til at eit menneske ikkje kunne bli fullkome gjennom teologisk tenkning. Askese var heller ikkje noko mål i seg sjølv.

I eit mellomalderskrift om livet hans, finst ei forteljing om korleis Suso under sjukdom vart oppmødd av englar som dansa og song «In dulci jubilo».

Suso vart kanonisert i 1881.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]