Henrik Svendsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Henrik Svendsen (19. oktober 18194. august 1889) var ein kjøpmann og stortingsmann frå Stavanger.

Svendsen var son til ein skreddar. Sjølv slo han seg opp som kjøpmann i fødebyen. Han var medlem av bystyret i Stavanger frå 1855 til -84.

Svendsen representerte Stavanger og HaugesundStortinget 1877-82 og på omframstortinget 1882. I den fyrste valperioden var han medlem av skattekomiteen og tollkomiteen, i den andre av Lagtinget og tollkomiteen. På omframstortinget sat han i skattekomiteen og traktatkomiteen.

Han døydde i heimbyen i 1889.

[endre] Kjelde

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy