Henrik av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prins Henrik av Danmark

Prins Henrik av Danmark (fødd Henri Marie Jean André de Laborde de Monpezat11. juni 1934), fullt namn Henri Marie Jean André, er ektemaken til dronning Margrethe II av Danmark.

Prins Henrik vart fødd i 1934 i Gironde i Frankrike som Henri de Laborde de Monpezat, son av André de Laborde de Monpezat (1907–1998) og Renée Doursenot (1908–2001). Familien de Laborde de Monpezat titulerer seg sjølv som grever, men dei har eigentleg ikkje rett til å bruke denne adelege tittelen.

Han voks opp i Frankrike og Vietnam, og studerte både i Paris, Saigon og Hong Kong. Frå 1959 til 1962 gjorde han militærteneste i den franske hæren i Algerie, og deretter arbeidde han som sekretær ved den franske ambassaden i London fram til 1967.

Den 10. juni 1967 gifta han seg med prinsesse Margrethe, den danske tronfylgjaren. Det franske namnet Henri vart gjort om til det danske Henrik, og han fekk tittelen prins av Danmark. Prins Henrik vart i 1968 tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden. Frå Margrethe vart dronning i 1972, har han voreprinsgemal, men denne tittelen har sjeldan vore nytta. I 2005 opplyste dronninga og prinsen at han skal ha tittelen prinsgemalen.

Prins Henrik er far til kronprins Frederik (fødd i 1968) og prins Joachim (fødd i 1969).

Morsmålet til prinsgemalen er fransk, men han talar òg flytande dansk, engelsk, kinesisk og vietnamesisk.

Han har omsett fleire bøker frå fransk til dansk, og har òg gjeve ut nokre diktsamlingar.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Hans Kongelege Høyhet Prins Henrik av Danmark

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Henrik av Danmark