Henrikh Mkhitarjan
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Henrikh Hamleti Mkhitarjan | |
| Fødselsdato | 21. januar 1989 | |
| Fødestad | Jerevan i Sovjetunionen | |
| Høgd | 178 cm | |
| Posisjon | Midtbane | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | Sjakhtar Donetsk | |
| Draktnummer | 22 | |
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 2006-09 2009-10 2010- |
70 (30) 37 (12) 5 (2) |
|
| Landslag** | ||
| 2006-10 2007- |
13 (8) 20 (4) |
|
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
||
Henrikh Hamleti Mkhitarjan, armensk Հենրիխ Համլետի Մխիթարյան (fødd 21. januar 1989 i Jerevan i Armenia) er ein armensk fotballspelar, som spelar på midtbanen for Sjakhtar Donetsk i den ukrainske fotballigaen, og for det armenske landslaget.
Mkhitarjan starta karrieren sin for toppklubben Pjunik i heimlandet, der han vart armensk seriemeister fire år på rad, frå 2006 til 2009. Han vart kåra til årets armenske spelar i 2009. Sommaren 2009 drog han til Ukraina og Metalurh Donetsk, der han vart klubbkaptein i juli 2010. I starten av 2010/11-sesongen vart han kjøpt av den ukrainske toppklubben Sjakhtar Donetsk.
Mkhitarjan debuterte for Armenia sitt A-landslag 14. januar 2007 i ein kamp mot Panama. Han skåra det første landslagsmålet sitt 28. mars 2009, i ein VM-kvalifiseringskamp mot Estland.