Henry George

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henry George

Statsborgarskap USA
Fødd 2. september 1839
Philadelphia
Død

29. oktober 1897 (58 år)
New York by

Yrke samfunnsøkonom, filosof, journalist, redaktør, politikar, skribent
Språk engelsk
Politisk parti Det republikanske partiet i USA, Det demokratiske partiet i USA, United Labor Party
Ektefelle Annie Corsina Fox George
Henry George på Commons

Henry George (2. september 183929. oktober 1897) var ein journalist, politisk økonom og sosialfilosof frå USA. Han gjorde framlegg om ein skatt, eller grunnrente, på jordeige. Tankane hans vart formulert i fleire bøker. Tilhengjarane av teoriane hans vert kalla «georgistar», og av namnet hans kjem ordet «georgisme». Den norske forfattaren Arne Garborg var rekna for å stå georgismen nær. Georgisme er idégrunnlaget for det danske politiske partiet Danmarks Retsforbund.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

George vart fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Som 16-åring reiste han ut som sjømann, og etter ei tid til sjøs slo han seg ned i California. Etter nokre mislukka forsøk på gullgraving, starta han ei karriere innan i avisverda. Han starta som trykkar, og enda opp som redaktør og aviseigar.

På ei ferd til New York vart George ovundra over levekåra til dei fattige i storbyen. Han såg det som eit paradoks at dei fattige i den etablerte storbyen hadde dårlegare levekår enn i det mindre utvikla California. Tankane om dei fattige sine levekår gav tema og tittel til boka Progress and Poverty, eller Framsteg og fattigdom. Boka kom ut i 1879, og vart ein storseljar. På kort tid vart det seld over 3 millionar bøker.

I boka argumenterte George for at nær all rikdom frå sosiale og teknologiske framsteg i ein fri marknadsøkonomi vart tekne av jordeigarar og monopolistar ved hjelp av leigeprisar. Ein slik konsentrasjon av rikdom som ein ikkje arbeider for var den grunnleggjande årsaka til fattigdom. George såg lite rettferd i å hindra menneske i å nytta naturressursar. Han meinte at slike hindringar var å likna med slaveri. I denne samanhengen kom og omgrepet lønsslaveri inn.

George kunne sjå desse samanhengane, mykje på grunn av han hadde vore fattig sjølv. På reiser hadde han sett mange forskjellige samfunn, og budde i California i ei tid med rask vekst og framgang. Spesielt hadde han merka seg korleis bygging av jarnvegar i California gjorde at jordverdiar og leiger auka meir enn lønene.

Økonomiske teoriar[endre | endre wikiteksten]

Science of political economy, 1898

George utvikla nokre av dei viktigaste delane av sine økonomiske teoriar som ein kritikk av eit døme brukt av Bastiat. Bastiat skulle med dette dømet forklara tilhøvet mellom renter og profitt.

Bastiat hadde bede lesarane sine tenkja på to snikkarar. Han gav dei namna James og William. James hadde bygd ein høvel, og hadde lånt ut høvelen til William i eitt år. Ville James vera nøgd med å få ein like god høvel attende eitt år seinare? Truleg ville han ha rekna med å få ei trefjøl med som rente. Kjernen i teorien om rente og leige er å skjøna kvifor. Bastiat la vekt på at James hadde gjeve William tilgjenge til verktøy for å få auka produktivitet. James ville såleis gjerne ha betalt for den auka produktiviteten i løpet av eitt år.

George aksepterte ikkje forklaringa. Han skreiv at sjølv om all rikdom var utgjort av slike ting som høvlar, og all produksjon var snikkararbeid, ville renter bety å stjela frå arbeidarane. Rente kunne såleis ikkje eksistera. På same vis ville det vera om rikdom var universet si materie, og produksjon var å få materien til å endra form. Nokre former for rikdom er fruktbare i seg sjølv. Her kan nemnast ei ku og ein okse. Eit anna døme er ei tønne med druesaft som modnast til vin. Jordarealer i seg sjølv er fruktbar rikdom. Høvlar og andre typar av treg materie kan ein tena renter på indirekte. Pengar er og slik, ein kan få rikdom ved å låna dei ut. Rentene eller fortenesta får ein berre ved å vera delar av den same sosiale sirkelen for utveksling.

Politiske framlegg[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om George var mest kjend for å erstatta andre skattar med skattar på jordeige, hadde han i tillegg andre politiske framlegg. George var kritisk til strenge patents- og opphavsrettsreglar og han gjekk inn for å mjuka opp patentreglane. I staden kunne styresmaktene støtta opp om forsking og vitskapleg arbeid. Såleis ville ein kunna løysa opp monopolsituasjonar. «Naturlege» monopol måtte skattleggjast. George gjekk inn for ein kombinasjon av fri marknad og godt sosialvesen. Dei sosiale goda skulle finansierast gjennom skatt på jordeige og på monopolføretak. Økonomar som nobelprisvinnar Milton Friedman har gått med på at George sin skatt på jordeige kan vera eit godt system. Skatt på jordeige påverkar vanlegvis ikkje prisen på forbruksvarer. Moderne miljøvernarar har hatt tankar om jorda som ein planet menneska eig saman. Enkelte har gått inn for tanken om skattar og avgifter på forureining, på same vis som på jordeige.

George sine tankar i tida etter han levde[endre | endre wikiteksten]

I 1886 var George ein av kandidatane i valet på borgarmeister i New York. George kom på andre plass (betre enn Theodore Roosevelt). Han var kandidat igjen i 1897, men døydde fire dagar før valdagen. Om lag 100.000 menneske var med i gravferda.

Agnes de Mille, barnebarnet til George, meinte at bøkene til George gjorde at han vart den tredje medst kjende mannen i USA. Berre Mark Twain og Thomas Edison var meir kjend. George var og populær som talar. Som talar reiste han til Irland og Skottland. I desse landa var, og til dels er, jordeige eit viktig politisk tema. Ideane til George er i noko grad nytta i Sør-Afrika, Taiwan, Hong Kong, og Australia. Styremaktene krev inn ein jordverdiskatt. Skatten er trass i dette låg og med mange unntak. Eit forsøk av den britiske regjeringa i 1909 til å innføra ein jordverdiskatt, utløyste ei politisk krise. Indirekte førte dette til ei omskiping av overhuset. Henry George var kjend med Karl Marx sine verk. George meinte at om tankane til Marx vart sett i verk, ville det føra til eit diktatur.

Populariteten til Henry George minka utover på 1900-talet. Trass i dette finst det enno mange georgistiske organisasjonar. Mange kjende personar vart påverka av George. Her kan nemnast George Bernard Shaw, Leo Tolstoj, Sun Yat Sen, Herbert Simon[1] og David Lloyd George. Lizzie Magie laga i 1904 til brettspelet Monopol. Monopolspelet skulle demonstrera teoriane til George.

I den siste boka til Martin Luther King[2] trekte han fram Henry George sine tankar om ei minsteløn eller borgarløn. I 2004 valkampen i USA, gjekk Ralph Nader inn for skattar på forureining og jordverdiskattar.[3]

Kritikk av George[endre | endre wikiteksten]

George sine skrifter og teoriar har fått kritikk. Eit døme på dette er den austerrikske økonomen Eugen von Böhm-Bawerk, som kom med eit kritisk syn på George si tilnærming til dømet med snikkaren sin høvel.

For det første, skreiv Böhm-Bawerk, er det ikkje mogleg å stø dette skiljet mellom to klassar av produksjonstypar. I ein av typane er naturkreftene tenkt å skulla vera eit element som fungerer ved sida av arbeid. I den andre er ikkje dette slik. Naturvitskapane har for lenge sidan synt oss at alt i naturen heng saman. Muskelrørslene til ein person som nyttar høvelen, ville vera lite nyttig, om det ikkje var for hjelp av naturkrefter og jernet i høvelen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Progress and Poverty 1879
  • Social Problems 1883
  • The Land Question 1884
  • Protection or Free Trade 1886
  • A Perplexed Philosopher 1892
  • The Science of Political Economy 1898

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. desember 2010, henta 25. september 2004 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. juni 2007, henta 2. oktober 2004 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]