Henry Glaß

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henry Glaß

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 15. februar 1953 (71 år)
Rodewisch
Yrke skihoppar
Språk tysk
Høgd 173 centimeter
Far Gerhard Glaß
Henry Glaß på Commons

Henry Glaß (fødd 15. februar 1953) er ein tysk, tidlegare skihoppar frå Rodewisch i Sachsen som representerte Aust-Tyskland. Han vann OL-bronse i 1976, VM-bronse i skiflyging 1977 og VM-sølv i 1978. To gongar, 1971/72 og 1979/80, vart han nummer to i den tysk-austerrikske hoppveka.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Glaß fekk si fyrste internasjonale meisterskapsmedalje som 16-åring, då han tok sølv i junior-EM 1969. Han debuterte i den tysk-austerrikske hoppveka i 1970/71 utan å verte lagt merke til. Året etter vart han nummer to samanlagt, 21 poeng bak nordmannen Ingolf Mork, men utan å kome på pallen i noko renn. Glaß deltok i normalbakken under vinter-OL 1972 i Sapporo og vart nummer 18.

Frå 1976 til -78 vann Glaß kvart år ein medalje i den årlege internasjonale skimeisterskapen. Under OL i Innsbruck 1976 tok han bronse i den store bakken (K90). Året etter fekk han ein ny bronsemedalje, då under VM i skiflyging i Vikersundbakken. Glaß tok så sølv i normalbakken (K70) under VM 1978 i Lahti, 1,5 poeng bakom landsmannen Matthias Buse.

På nyåret i 1977 vann Glaß hoppvekerennet i Bergisel-bakken i Innsbruck, hans fyrste og einaste siger under ei hoppveke. Samanlagt vart han det året nummer tre, sesongen etter kom han på fjerdeplass i hoppveka. Hoppveka 1979/80 fekk han til saman 912,9 poeng og slo landsmennene Manfred Wolf og Klaus Ostwald med høvesvis to og seks tidels poeng og vart nummer to, austerrikaren Hubert Neuper var suverent best. I vinter-OL 1980 i Lake Placid kom han på 11. plass i storbakken.

Glaß la opp som aktiv i 1981.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]