Henry Haversham Godwin-Austen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henry Haversham Godwin-Austen

Henry Haversham Godwin-Austen (fødd 6. juli 1834 i Teignmouth; død 2. desember 1923) var ein engelsk topograf, geolog og oppdagar.

Han var eldste son av geologen Robert Alfred Cloyne Godwin-Austen og Maria Elizabeth Godwin.[1]

Godwin-Austen gjekk inn i den engelske armeen i 1851 og gjorde i fleire år teneste under kartlegginga av India. Han trekte seg attende i 1877.[1]

Godwin-Austen-breen ved foten av K2 i Karakoram blei oppkalla etter han. Ved ein feil brukte fleire kart namnet hans på sjølve fjellet òg.[2]

Godwin-Austen var i tillegg interessert i naturhistorie og publiserte ei bok om India om temaet. Han var dessutan ornitolog og gav ut boka Birds of Assam, som mellom anna inneheldt fleire fuglar han var den første til å skrive. Molluskar høyrde òg til hans interesseområde og han gav ut The Land and Freshwater Mollusca of India (1882–87).[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 A Pioneer Explorer And Geologist. Colonel Godwin-Austen (nekrolog) i The Times nr 43516, 5. desember 1923, s. 18, spalte. A
  2. H. Adams Carter: Balti Place Names in the Karakoram. I American Alpine Journal 1975, s. 52–60. (AAJ Online). Henta 17. juni 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Henry Haversham Godwin-Austen