Henry Lawes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henry Lawes

Fødd5. desember 1595
FødestadDinton i Wiltshire
Død21. oktober 1662 (66 år)
DødsstadLondon
OpphavStorbritannia
PeriodeBarokken
SjangerKormusikk, kammermusikk
Verka somKomponist og musikar

Henry Lawes (fødd 5. desember 1595 Dinton i Wiltshire i England, død 21. oktober 1662 i London) var ein engelsk musikar og komponist.

Han vart fødd i Dinton i Wiltshire, og fekk musikkutdanninga si frå John Cooper, som er betre kjend under det italienske pseudonymet sitt Giovanni Coperario, ein kjend komponist i dei dagar. I 1626 vart Lawes ein av herrane i det kongelege kapellet, og heldt denne stillinga til Det engelske samveldet sette ein stoppar for kyrkjemusikk. Lawes heldt likevel fram som komponist, og den kjende samlinga hans av vokal musikk, Ayres and Dialogues for One, To and Three Voyces, vart publisert i 1653 og to bøker til med same tittelen følgde i 1655 og 1658. Under restaurasjonen av monarkiet i 1660, kom Lawes attende til det kongelege kapellet, og komponerte hymnene til kroninga av kong Karl II. Han vart gravlagd i Westminster Abbey.

Lawes er kjend utanom musikalske krinsar på grunn av venskapen sin til John Milton. Lawes skreiv musikk til maskespelet Comus av Milton, som først vart framført i 1634. Diktaren gjengjeldte dette med å udødeleggjere venen i den kjende sonetten, der Milton skildrar dugleiken til Lawes.

Henry Lawes var bror til William Lawes, som òg var komponist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]