Henry Purcell
| Henry Purcell | |
| Fødd | 10. september 1659, Westminster i England |
| Død | september 1695 (alder 1683–1684), Westminster |
| Periode | Barokken |
| Sjanger | Kormusikk, kammermusikk, vokalmusikk |
| Aktive år | 1667-1695 |
| Yrke | Komponist |
Henry Purcell (10. september 1659–21. november 1695) var ein engelsk komponist av barokkmusikk som med si særeigne blanding av italiensk og fransk musikk med element av eldre engelsk musikk skapte ein eigenarta stil som kom til å bli rekna som typisk engelsk barokkmusikk.
Livssoge[endre]
Purcell blei fødd i Westminster. Onkelen hans fekk han inn i koret i det kongelege kapellet, der han lærte å synga og skriva musikk. Det eldste verket hans me kjenner til er eit ode til kongen sin fødselsdag frå 1670.
I 1676 fekk han stillinga som organist ved Westminster Abbey. Same året laga han musikk til stykka Aurenge-Zebe av John Dryden, og Epsom Wells og The Libertine. Året etter sette han musikk til tragedien Abdelazar av Aphra Behn, og i 1678 komponerte han musikk for ein nylaga versjon av eit Shakespeare-stykke.
Purcell døydde i midten av livet sitt, berre nokre og tretti år gammal. Han etterlet seg ei enkje og tre barn. Kona gav ut ei rekke av verka hans posthumt.