Henry Rinnan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Henry Oliver Rinnan (14. mai 19151. februar 1947) var ein norsk krigsforbrytar frå den andre verdskrigen.

Rinnan var eldste son av ein skomakar frå Levanger. Under den andre verdskrigen bygde Rinnan opp eit nært samarbeid med den tyske okkupasjonsmakta. I Trondheim bygde han opp gruppa Sonderabteilung Lola, i tett samarbeid med det tyske tryggingspolitiet Gestapo i Trondheim. Gruppa skulle koma i kontakt og om mogleg verta ein del av den norske motstandsrørsla. Slik kunne dei avsløra kven som var med i motstandsrørsla, og gje melding om det til tyskarane. Ein reknar med at fleire hundre vart torturert, og meir enn 80 menneske vart drepne.

Etter kvart fekk gruppa til Rinnan namnet Rinnanbanden. I det norske landssvikoppgjeret etter krigen vart Rinnan og elleve andre frå Rinnanbanden dømde til døden. Henry Rinnan, Bjarne Jenshus, Aksel Mære, Harry Rønning, Harry Hofstad, Olaus Hamrun, Per Bergeen, Kristian Randal, Harald Grøtte og Hans Egeberg vart avretta ved skyting.