Henryk Arctowski-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°09′S 58°28′W
Henryk Arctowski-basen
stasjon
none
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad King George Island
 - koordinatar 62°09′S 58°28′W
Grunnlagd 26. februar 1977
Administrert under Antarktistraktaten
Map of Arctowski Station.png
Henryk Arctowski-stasjonen is located in Antarktis
Henryk Arctowski-stasjonen (Antarktis)
Nettstad: Arctowski

Henryk Arctowski-basen (polsk Polska Stacja Antarktyczna im. Henryka Arctowskiego) er ein forskingsstasjonKing George Island, utanfor kysten av Antarktis.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Han er kalla opp etter Henryk Arctowski (1871-1958), som var ein meteorolog som var med den belgiske oppdagaren baron Adrien de GerlacheBelgica-ekspedisjonen 1897-1899. Dette var den første ekspedisjonen som overvintra i Antarktis. Han var den første som laga ein vindfaktor og hevda at vind kunne vere like skadeleg for menneskehud som kulde i harde klima.

Stasjonen vart oppretta den 26. februar 1977. Han vart driven av Det polske vitskapsakademiet og hovudforskingsområda er marinbiologi, oseanografi, geologi, geomorfologi, glasiologi, meteorologi, klimatologi, seismologi, magnetisme og økologi.

Fordi han er lett tilgjengeleg og den polske besetninga er venleg,[1] er han ein av dei mest vitja forskingstasjonane i Antarktis. Det vert dyrka ferske grønsaker i eit drivhus. Strendene nær stasjonen er dekt av mykje kvalbein fordi staden vart nytta til å handsame fangst til kvalfangarane i området i tidlegare tider.

Stasjonen ligg pingvinkoloniar me tre forskjellige pingvinar (adeliepingvin, ringpingvin og bøylepingvin), og har status som ein stad med særskild vitskapleg interesse (SSI) i følgje Antarktistraktaten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Society Expeditions, «Expedition Log, EX 1929», Seattle: Society Expeditions, 1990. s. 26-27

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Henryk Arctowski-stasjonen