Herøy kommune i Møre og Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herøy kommune i Møre og Romsdal
Våpen Kart
Komm.nr. 1515
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Fosnavåg
Areal 120 km²
Folkemengd 8 847 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Arnulf Goksøyr (H)
Målform Nynorsk
Nettstad www.heroy.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1515.svg
Herøy kommune i Møre og Romsdal på Commons

Herøy kommune er ein kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal. Herøy grensar mot Sande i sørvest, mellom Gursken og LeikongGurskøy. Over Rovdefjorden i sør grensar Herøy mot Vanylven og Herøy kommune i Møre og Romsdalolda. I aust går grensa mot Ulstein ved Dragsundbrua over til øya Hareidlandet.

Herøy har (per 2008) 8 353 innbyggjarar. Kommunesenteret Fosnavåg ligg på Bergsøya, og har sidan 2000 hatt bystatus. Herøy er ein øykommune utan direkte fastlandstilknytning, men der bruer knyter saman alle øyane med busetnad. Øya Runde er kanskje den mest kjende staden i Herøy, både nasjonalt og internasjonalt. Rundefjellet er det sørlegaste fuglefjellet i Norden, det største sør for Røst, og med koloniar av mellom anna lundefugl. På Runde ligg Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Senteret er flunkande nytt.

Hurtigruta har TorvikLeinøya, som ein av dei faste stoppestadane.

Herøy har to lokalaviser. Papiravisa Vestlandsnytt og nettavisa Herøynytt.

I Herøy er det tre kyrkjesokn, ei Luthersk frikyrkje, ei pinsekyrkje og 13 bedehus.

Ein person frå Herøy vert kalla ein herøyværing.

Kultur og idrett[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja har òg har hatt ein sterk posisjon i Herøy, noko som har ført til at mykje av kulturlivet har vore knytt opp mot kyrkjene og bedehusa. Spesielt etter andre verdskrigen byrja òg idretten å ta seg opp, og Bergsøy IL vart oppretta i 1944, Moldtustranda IL i 1950 og på 1970-talet Tjørvåg IL. Bortimot 10 % av ibuarane i kommunen er medlem i Bergsøy IL.

I 1982 stod Herøy kulturhus ferdig, eit fleirbruksbygg som gjorde det mogleg å samle mykje av kulturaktivitetane under same tak, mellom anna teater, musikk, kino, kunstutstillingar og innendørsidrett. Om lag samstundes var Bergsøy sitt herrelag i fotball på sin førebelse topp i den nest høgste divisjonen. Med Herøyspelet Kongens Ring fekk kommunen sitt eige historiske spel i 1992, og i 2002 opna Jakobsenhuset dørene, ein arena for mindre og kanskje smalare kulturelle aktivitetar.

I Fosnavåg vert det arrangert Maritim Sommarfestival, Makrellfestival og Pirfestival.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

«Runde Miljøsenter»[endre | endre wikiteksten]

Runde Miljøsenter, Foto Knut Werner Alsén

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Miljøsenteret husar òg ei fugleutstilling og ei utstilling av gull- og sølvmyntar og andre gjenstandar frå Akerendamforliset. Sidan plassen ligg i eit freda og svært sårbart naturområde, har bygget det fremste innan miljøteknologi, med fokus på miljøvennleg bygningsmateriale, energieffektivitet, vass-sparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn. I Miljøsenteret er det offentleg toalett.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Herøy kommune frå 1900:

1900[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
3501a 4533a 5022a 5912a 6408a 7533a 7784 7996 8142 8359 8383

a Dette talet omfattar gardane Brekke, Seljeset og Skoge i Gurskedalen, som vart overført frå Herøy kommune til Sande kommune i 1964. Dette området hadde då 25 innbyggjarar. Talet omfattar òg Eiksund krins med øya Eika, som vart overført til Ulstein kommune i 1964. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.

Kjende personar frå Herøy[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Herøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå