Herøy kyrkje på Helgeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Herøy kyrkje)
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 65°58′23″N 12°16′41″E

Herøy kyrkje på Helgeland
Herøy kirke02.JPG
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Sør-Hålogaland
Prosti:  Nord-Helgeland
Fellesråd:  Herøy
Sokn:  Herøy
Innvigd:  11-1200
Endringar:  1880, 1960
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Materiale:  Kleberstein
Kyrkjerommet
Døypefont:  Av Andreas Nilsskog
Commons-logo.svg
Herøy kyrkje på Helgeland på Commons

Herøy kyrkje er ei steinkyrkje på øya Sør-Herøy i Herøy kommune og sokn i Nord-Helgeland prosti. Ho er frå 1100-talet og den største av dei såkalla «triangelkyrkjene» i området med romansk utforming; dei to andre er Dønnes kyrkje og Alstahaug kyrkje. Ho skil seg frå dei to andre ved at Herøy kyrkje er bygd med apsis (halvrunda kvelva tak), og utan laukkuppel.

«Jeg mindes de Alstahaug-Sogner ret vel
Tre murede Kirker og Sandnes-Kapel:
Tjøttøen begriber den ene,
Paa Alsten den anden oophøier sit Spir,
Den tredje paa Herrøe med hæderlig Zir
Opbygget af Æsse-blød Steene.»

 Æsse = kleberstein

Funn frå jernalderen tyder på at kyrkjas område tidlegare har vore eit gudehov. Ei tid låg futegarden for Helgeland på Herøy. Eit krusifiks frå 1300-talet som har høyrd til kyrkja er no ved Historisk museum i Bergen. Under restaureringa vart det funne mange gamle myntar heilt i frå kong Sverres tid.

Den største lysekrona vart i 1655 gjeven av Margrethe Pedersdotter og Jesper Hansen, og ei mindre i 1715 av Rasmus Angell. Presten Petter Dass var frå Herøy sokn. Han har gjeve kyrkjesølv, altarkalk, disk og brødeske til kyrkja. Altertavla og preikestolen frå 1764 er måla av Gottfried Ezekiel.

Skip, våpenhus og tårn vart endra ved påbygging i 1880. Døypefonten i tre vart teken i bruk i 1914, han er skoren av Andreas Nilsskog, med motiv frå Jesu liv og norrøn mytologi. Ei restaurering vart gjennomført i 1960, med nytt orgel bygd av Brødrene Torkilsens Orgelbyggeri (15 stemmer, to manual med elektrisk traktur).

Kyrkjejubileet i 1999 feira dei tre mellomalderkyrkjene på Helgeland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]