Her kjem me, dine arme små

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Her kjem me, dine arme små» er Elias Blix si omsetjing av Hans Adolph Brorson sin julesong «Her kommer dine arme små, en liden Psalme for Børnene», skriven over Matteus 21, 16.

Salmen vart fyrste gong trykt i Nogle Julesalmer, 1732. 8 vers av salmen er i revidert eller omsett form tekne med i Hauges salmebok, Landstads kirkesalmebog, Landstads reviderte salmebok, Nynorsk salmebok, Norsk Salmebok og Norsk salmebok 2013. Blix si omsetjing vart første gong trykt i 1898. Ei eldre omsetjing, «Her koma din arme smaa» vart trykt i 1881 i Fedraheimen. Omsetjaren her er ukjend.[1]

I Nynorsk salmebok er salmen plassert først av salmane for «Jolaftan», og opnar «Her kjem me, dine arme smaa, Vaar Jesus, til din stall aa sjaa.» Opningslinene vart i Norsk Salmebok (1985) endra til «Her kjem me, Jesus dine små / og vil til deg i stallen gå», mens salmen i den nye Norsk salmebok 2013 har fått att den innsungne førstelina.

Vi syng han til vanleg til ein melodi av den tysk-danske komponisten Johann Abraham Peter Schulz.

Dansk og norsk tekst[endre | endre wikiteksten]

Originalteksten har 10 vers:

Brorsons originaltekst:

HEr kommer dine Arme Smaa,
O JEsu, i din Stald at gaae,
Oplys enhver i Siæl og Sind,
At finde Veyen til dig ind.

Vi løbe dig med Sang imod,
Og kysse Støved for din Food,
O salig Stund! O søde Nat!
Da du blev fød, vor Siæle-Skat.

Velkommen fra din Himmel-Sal,
Til denne Verdens Græde-Dal,
Hvor mand Dig intet andet bød
End Stald og Krybbe, Kors og Død.

Al Verden stod i Satans Pagt,
Da brød vor JEsus frem med Magt,
Og rev os ud med blodig Haand
Af alle vore Fienders Baand.

Men, JEsu, Ach! hvor gaar det til,
At dog saa faa betæncke vil
Dend synderlige Kiærlighed,
Der drog dig til vor Jammer ned.

Saa drag os gandske til dig hen,
O søde fromme Siæle-Ven,
At hver af os saa inderlig
I Troen maa omfavne dig.

Vi kysse dig med Suk og Bøn,
Du Himmel-søde Jomfru-Søn;
Din søde Mund og Rosen-Kind
Har taget Siæl og Hierte ind.

Lad Verden ey med al sin Magt
Os rokke fra vor Daabes Pagt,
Men giv, at al vor Længsel maa
Til dig, til dig allene staa.

Saa skal det skee, at vi engang
Blant alle Helgens Fryde-Klang
I Himlens søde Paradiis
Skal prise Dig paa Engle Viis.

Her staae vi nu i Flock og Rad
Om Dig, vor skiønne Hierte-Blad,
Ach hielp! at vi og alle maae
I Himlen for din Trone staae.

Blix' omsetjing, etter Nynorsk Salmebok («aa» skrive «å»):

Her kjem me, dine arme små
Vaar Jesus, til den stall å sjå.
Send oss ditt ljos i hjarta inn,
So vegen fram til deg me finn!

Med song so spring me deg imot
Og kysser dusti for din fot.
Å signa stund, å sæle natt,
Då du vart fødd, vår sjele-skatt!

Velkomen frå din himmelsal
Ned til vår tåre-dimme dal,
Der dei deg inkje anna gav
Enn stall og krubba, kross og grav!





Men, Jesus, å kor gjeng det til
At då då fåe kjenna vil
Den kjærleik himmelhøg og stor
Som drog deg til vår arme jord?

So drag oss til ditt hjarta nær,
Vår sjeleven so god og kjær,
So kvar av oss so inderleg
I hjartans tru må fagna deg!





Lat ikkje verdi med si makt
Oss draga frå vår dåp og pakt;
Men giv vår lyst og lengting må
Til deg, til deg åleine stå!

Så skal med syngja sigersong
Med alle heilage ein gong
Og i ditt sæle paradis
Deg prisa høgt på englevis.

Her stend me no i flokk og rad
Kring deg, vårt fagre hjarteblad.
Å, hjelp at me og alle må
I himmeln kring din kongsstol stå!

Sjølv om det er meir enn 250 år mellom dei to versjonane, er ikkje dei språklege skilnadene så store. Meir slåande er det at to av versa er stròkne. Det må vere to grunnar til strykinga, som òg var gjort i salmebøkene frå 1800-talet: For det første ville dei korte salmen ned litt. For det andre høyrer ikkje desse to versa til vår tids smak. Desse versa kan stå som typiske døme på diktinga i pietismen. Det eine verset dramatisk og blodig om Jesu kamp med Satan. Det andre nærast erotisk om vår kjærleik til Jesus Kristus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff:[endre | endre wikiteksten]