Herbert A. Hauptman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herbert A. Hauptman

Fødd14. februar 1917
New York by
Død23. oktober 2011
Buffalo i New York
NasjonalitetUSA
Områdematematikk
Yrkematematikar, kjemikar, universitetslærar, krystallograf, filosof
InstitusjonarUniversity at Buffalo
Alma materUniversity at Buffalo
Columbia University
City College of New York
University of Maryland
New York University
Johns Hopkins University
DoktorgradsrettleiarJerome Karle
Richard Albert Good
MedlemNational Academy of Sciences
Det polske vitenskapsakademi

Herbert Aaron Hauptman (14. februar 191723. oktober 2011) var ein USA-amerikansk matematikar, kjemikar og nobelprisvinnar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Herbert Hauptman voks opp i New York City i ein jødisk familie. Etter fullført college tok han mastergrad i matematikk ved Columbia University. Graden var fullført i 1939. I 1940 gifte han seg med Edith Citrynell, som han skulle få to døtrer med.

Etter andre verdskrigen starta han eit samarbeid med kjemikaren Jerome Karle ved Naval Research Laboratory i Washington, D. C. samtidig som han starta på doktorgrad i matematikk ved University of Maryland. Hauptman hadde doktorgraden klar i 1955. Kombinasjonen av matematikk og kjemi var det som skulle til for å finna effektive matematiske metoder til å bestemma molekylstrukturar ved hjelp av m.a. røntgenkrystallografiske målingar. I 1985 delte Karle og Hauptman nobelprisen i kjemi for arbeidet sitt. Grunngjevinga lydde slik: "for sin avgjerande innsats ved utviklinga av direkte metodar for krystallstrukturbestemming."

Hauptman har vunne ei lang rekkje andre prisar, og han har forfatta ei mengd med vitskaplege tekstar. Han døydde 94 år gamal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]