Herbig–Haro-objekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herbig–Haro-objektet HH-47 på eit bilete frå Hubble-teleskopet. Stjerna som er opphavet til jetstraumen ligg duld inne i ei støvsky nær venstre biletkant.[1]

Herbig–Haro-objekt (HH-objekt) er ein klasse av svakt opplyste tåker oppdaga av astronomane George Herbig og Guillermo Haro1950-talet. HH-objekt finn ein i område rike på interstellar materie, og dei oppstår når unge stjerner sender ut materie med stor fart i form av jetstraumar som krasjar med annan materie som finst rundt stjerna.

Spektruma til HH-objekt er dominerte av emisjonslinjer frå hydrogen, oksygen, nitrogen og jarn. HH-objekt vert grovt delte inn i høg- og lågeksiteringsobjekt, der ein trur skilnaden ligg i kor stor fart jetsstraumane til stjernene har. Høgeksiteringsobjekt med sterke emisjonslinjer frå sterkt ionisert materie kan ha sjokkbylgjefartar på 200 km/s, medan lågeksiteringsobjekt kan ha sjokkbylgjefartar på 20 km/s.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på artikkelen «Herbig–Haro object» s. 176 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
  1. «Hubble Observes the Fire and Fury of a Stellar Birth» - biletteksten på den eine offisielle heimesida til Hubble-teleskopet.